Monthly Archives: May 2011

I will always be along the side of your life. And you will always be along the side of mine

dette er mitt bidrag til 12-frames prosjektet eg og milla har. mai-filmen var Everything is Illuminated, basert på Jonathan Safran Foer si bok med same namn. Denne filmen er så fin, og det som kanskje er finast, ved siden av den fantastiske filminga, er at Elijah Wood spelar Jonathan. det syns eg er det finaste i verda akkurat no.

for å lese meir om 12-frames, klikk her.


this is my interpretation of the may-movie, everything is illuminated, based on jonathan safran foer’s book with the same name. this movie is so beautiful, and the thing i find the most beautiful, besides all the wonderful filming, is the fact that elijah wood is playing the role of jonathan. that might be the most beautiful thing in the world at this point.

 

 

 

Advertisements

7 Comments

Filed under Filmatiske vidunder, Foto og slikt fint

I couldn’t even begin to think about knowing how to answer that question.

av og til skulle eg ønske eg kunne leve som margot tenenbaum. flytte inn på badet og bu i badekaret. med ein rosa hustelefon, kabeltv, bøker og sigarettar, berre ligge der, i varmt vatn og bade i depresjon og einsemd. berre gøyme meg frå verda, gløyme ansvar og forventingar. skjule meg under falmande såpeskum og lunkande vatn. sovne, i nesten kaldt vatn. med tom waits i bakgrunnen og the bell jar i henda, halveis nedsunken i vatnet omgitt av eit tjukk teppe av røyk – og berre gi ein god faen.


sometimes i wish i could do like margot tenenbaum. move into the bathroom and live in the bathtub. just wallow in depression and loneliness, forgetting all responsibilities and expectations. just fall asleep, in disappearing foam and cooling water, with tom waits in the background, and the bell jar, halfway sunk in the water. breathing a thick layer of smoke, and just not giving a shit about anything.

 

 

5 Comments

Filed under Filmatiske vidunder, Skriverier og tekstar og slikt.

liztomania

eg har ingenting å komme med om dagen, så eg stjal denne lista frå sandra.

Namn: Kristina.
Piercingar: Ingen. har alltid hatt lyst på ein i navlen. heilt til eg ikkje hadde lyst på det lenger.
Tatueringar: nei
Längd: 1.70 på sokkelesten
Skostorlek: 39
Hårfärg: mørkebrunt/lilla-raudaktig
Fräknar: overalt. spesielt i andletet og på skuldrane
Motto: det löser sig
Kär? ikkje akkurat no nei
Önskar du att du bodde någon annanstans? ja, oslo eller paris eller london eller new york eller jah, anywhere but here
Tycker du att du är attraktiv? Nokre dagar, andre dagar ikkje
Vilket schampo använder du? Til vanleg brukar eg the body shop for farga hår, men akkurat no brukar eg frank provost for farga hår-
Vad är du rädd för? kveps, bier, homler… skumle innpåslitne menn på fest.
Gillar du berg- och dalbanor? Er alltid livredd når eg set meg inn, og overmodig når eg går av. eit lite hat-elsk forhald.

Senaste…
Filmen du hyrde? den der killers med ashton kutcher og katherine heigl, den var ikkje bra.
Filmen du köpte? hugsar ikkje, er ganske lenge sidan sist..
Låten du hörde: Denne – pete yorn og scarlett johansson er min nyaste fasinasjon.
Låten du laddade ner? Agnes Obel – Philharmonics
Personen du ringde? mamma
Personen som ringde dig? farmor
TV-program du såg? Gossip girl, men måtte skifte kanal for eg blei så flau på blair sine vegner.
Person du tänkte på? Janne-mor, for ho kjem på besøk snart 🙂

Favorit…
Låt: Paolo Nutini – Pencil Full Of Lead
Sak att göra: skrive, fotografere, grilling og øl med dei finaste folka, kanskje til og med sprette sjampagnen.
Sport: ehm… må bli volleyball.
Kläder: kjolar! blomekjolar, stripekjolar, prikkekjolar, einsfargakjolar, kjolar! og strømpebukser
Film: Amélie, A lovesong for Bobby Long, the Virgin Suicides og Lost in Translation
Bil: Impala 67 of course
Serie: Skins, supernatural, criminal minds og mad men

Har du någonsin…
Gråtit över en pojke? ja
Gråtit över en flicka? ja
Ljugit för någon? ja
Varit i slagsmål? ikkje i “vaksen” alder. men då eg var lita (barnehage/barneskulen) pleidde eg å sloss med folk som terga veslebroren min. eg var den storesystra. sjølv om det sikkert ikkje var til noko stor hjelp og eg tapte nesten heile tida.
Blivit arresterad? Nei, men eg har haika med politiet på tull ein halv kilometer fordi eg og ei venninne ikkje orka å gå heilt til italiensken.
Träffat någon från internet IRL? ja, det var slik eg vart kjend med finaste anette og maren og nea – og eg og anette skal bu i kollektiv saman til hausten!

Antal…
Gånger du varit kär? 2
Gånger ditt hjärta brustit? uff, mange gongar.
Hjärtan brustet på grund av dig? ikkje ofte trur eg.
Tjejer du kysst? venninnekyssing, men aldri noko meir. it’s not for me.
Gånger ditt namn varit med i tidningen? tja, nokre få gongar i lokalavisa? sånn to-tre gongar

Senaste…
Boken du läste? akkurat no les eg charlotte isabel hansen av tore renberg, og eg elskar den meir enn alt på jord.
Personen du fick e-mail av? sjefen – som inviterte på lønningspils eller noko liknande.
Personen du fick brev av? Bilder Nordic, studiekontrakt – då tissa eg nesten på meg!
Personen du fick sms av? Janne: “Oki:) kjem etter jobb.. er der vel halv eller noke”
Gången hela din familj åt middag tillsammans? jula?
Saken du köpte? ei knallraud blondesløyfe hos frøken dianas salonger då eg var der på måndag. eg er ganske forelska i den.


a list i stole from sandra, you can google-translate it if you want to. 

9 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere

elope with me, ms. private, and we’ll sail around the world.

om berre nokre veker reiser eg. eg og ei av dei finaste venninnene eg har. til hellas. eg har aldri vore i hellas før, og eg gler meg meir enn eg greier å skrive. hellas er jo liksom eit slags eventyrland. så mykje historie og magi og overtru og skjønnheit. då skal eg gå i blomekjolar utan strømpebukse, og den gamle skinnveska mi, som farfar laga til farmor ein gong for lenge sidan då dei var unge og forelska. og i veska skal det ligge mobil og lommebok, raud lebestift, parfyme, solkrem, marlboro, eit gamalt minolta analogt kamera og min gode, gamle canon. og vi skal ligge på stranda og drikke sex on the beach, piña colada, øl, long island iced-tea og kokosnøttmelk (om der er, for eg har jo aldri vore i hellas før). og vi skal bade, og gå på sight-seeing i gamlebyen og sola skal vere akkurat litt for varm, slik det alltid er i syden, og eg skal få så mange frekner, både i andletet og på skuldrane, at eg nesten liknar ein dalmatiner. og i nøyaktig sju dagar er det som om vi befinn oss i ei anna verd – utan bekymringar eller kvardagslege gjeremål – og når vi set oss på flyet heim igjen kjem det til å kjennest både trist og fint, for slik er det i livet.

speleliste: i will be your ferdinand and you my wayward girl

foto: linka til kjelde


in just a few weeks i am going to rhode in greece with one of my best friends, and i can hardly wait! playlist: i will be your ferdinand and you my wayward girl

15 Comments

Filed under Kristina i den Store Verda

sidan sist

+ grilla og sola meg med dei finaste fine.

+ vore på fotballkamp, utruleg nok, og sett tornad-måløy tape nm-kampen mot aafk, utruleg nok.

+ etterfulgt fotballkampen med russekro med dei same tullene. blitt nitten på slaget midnatt og alle sang happy birthday og vore ganske flau over det og tenkt at det var kjempefint og søtt, og dette må eg hugse.

+ klipt lugg igjen. hatt tre heildagsprøver, komt opp til eksamen, feira natt til syttande mai heilt til klokka nærma seg halv åtte om morgonen, feira 17. mai, drukke mykje kaffi, gått amokk i photobooth, ditcha russebuksa og ledd mykje.

kva har de gjort sidan sist, søtnosar?


since last time i’ve barbequed with the best people, been to a football match (surprisingly enough) with nice people, partied afterwards with the same people, cut my hair and gotten bangs again, had three finals at school, found out what my written exams are in, celebrated the night to may 17th until it was nearly seven thirty in the morning, celebrated may 17th (our national day), drunken a lot of coffee, taken way too many pictures in photoboot, ditched my russepants and laughed a lot.

what have you been up to lately?

9 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere, Kvardagen

om bursdagar og slikt.

på torsdag har eg gebursdag, då er det nøyaktig éit år sidan eg kjøpte mi første lovlege vin flaske, då blir eg nitten. mitt siste år som tenåring. difor tenkte eg, sidan eg veit at mamma og diverse andre familie medlem les bloggen, at eg skulle leggje ut ei lita ønskeliste. nokre fine ting eg ønsker meg meir enn andre ting.

éin.  hjartemagasinet 3, Paris utgåven, med Fivrel EP.

to. desse kjolane frå modcloth.

tre. fuji instax mini 7s kamera frå kipkee.

fire. søte dørskilt frå kipkee. helst eit om kaffi, for det passar så fint.

fem. canon eos 7d kamerahus.

seks. festivalpass med camping til malakoff rockfestival.

sju. krølltang og hårføner. og frisørprodukt, for det har eg aldri råda til.

åtte. bøker. fine bøker som “french milk” av lucy knisley, det meste av frode grytten og erlend loe, “hallo, er det noen der?” av jostein gaarder (eg finn ikkje min versjon igjen!), “saker under huden” av linda skugge og “å spise blomster til frokost” av synne sun løes, bøker på det meste eigentleg.


men eigentleg ønsker eg meg berre pengar til sparing, slik at eg ikkje døyr når eg flyttar til oslo til hausten, men slikt skal ein liksom ikkje ønske seg høgt då. men berre så de veit, så er det dét eg ønsker meg mest. kva ønsker de dykk til bursdagen?? 

ps: mi tolking av 12 frames prosjektet kjem i neste veke grunna kamerakluss og tidsklemme. 


it’s my birthday next week, and since i know my mum and other family members tend to visit my blog, i thought i’d share my birthday wishes; mariell øyre’s heartmagazine issue 3, dresses and clothes from modcloth, a fuji instax mini 7s from kipkee, cute door signs from kipkee, a canon eos 7d camerahouse, tickets to malakoff rockfestival, a curling iron and a hairdryer, and books. but most of all i wish for money i can save for oslo, so that i don’t die of starvation or something. that’s what i wish for the most.

ps: my interpretation of the 12 frames movie for april will come next week due to camera trouble and lack of time. 

12 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting

autumn de wilde












ein av mine nye favorittfotografar heiter autumn de wilde. dottera av fotografen jerry de wilde. ho regisserar også korte filmar, og er god ven med elijah wood og zooey deschanel. ho er rett og slett fantastisk. bilda hennar kan du sjå her.

my new favorite photographer is autumn de wilde.  

3 Comments

Filed under Filmatiske vidunder, Foto og slikt fint