Monthly Archives: June 2011

bare ein liten ting

reiser til syden i dag. vi talast om ei veke.

7 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere

the times they are a-changing

nytt design, nye sjansar, ein ting er sikkert er at det blir nye tider i møte. i sommar blir det bryllup, syden, festival (forhåpentlegvis), jobbing og, ikkje minst, flytting. alt som står igjen for meg å gjer, er å slutte å vere så redd for at alt skal øydeleggje seg sjølv og gå i oppløysing. det löser sig, det gör det alltid. vi satsar på det i alle fall.

translation: 
a new design, new oppertunities – at least one thing is sure, and that is that this design brings with it a lot of future changes. weddings, greece, festivals, work, and, of course, my moving to oslo. all i have to do (besides finding a job), is to stop worrying and accept that whatever happens, it is going to be ok – at least that is what timbuktu says.

21 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere

and so we have to say good-bye



tre år. og no er det slutt. vidaregåande er over. det vi har gleda oss til så mykje at tida i mellom av og til verka som om den hadde stoppa opp. det vi har snakka om i tre år. no er den her – tida etterpå – og kva som skjer vidare er i kvar enkelts hand. og vi seier hade og vi snakkast plutseleg og gir ein klem og tar ei pils og lar tida komme til oss. no har vi jaga den nok.

 three years have passed and suddenly high school is over. we celebrated in the sun, reminiscing, laughing and wondering what will happen nexr. 

7 Comments

Filed under Festligheiter og feirerier, Filmatiske vidunder, Foto og slikt fint

liste og spørsmål og slikt

eg lånte denne lista frå mariell. 


beste matrett?
spaggethi med pesto, parmesan/mozzarella, cherrytomatar og ruccola. det er typ det beste eg veit. men også avokadosalat. då er eg i himmelen.
beste dessert? jordbær med heimelaga vaniljesaus. men også makronar.
beste drikk? vatn og alt med hylleblomsmak. spesielt hylleblombrus som bestemor og bestefar alltid har.
verste drikk & matrett? alt med sitronsmak. eg toler ikkje sitron, og difor så hatar eg det. ellers så er eg ganske glad i det meste. er ikkje så glad i kvitvin, var veldig glad i det før, men så sa det berre stopp. av mat så må det vere kjøttkaker – men no et eg ikkje kjøtt lenger, så då er eg liksom kvitt det.
beste alkoholdrikk? øl, raudvin, mojito, sex on the beach ++.
smør på brødskiva? eg har aldri vore noko begeistra for brød, og et difor aldri brødskiver. er ikkje så begeistra for smør heller, så nei.
smågodt eller ferdigposa? smågodt!
beste suppe? mamma si heimelaga tomatsuppe, fransk lauksuppe og heimelaga ertesuppe. namnamnam. elskar suppe.
favorittis? hm… då eg var i frankrike i fjor kjøpte vi sånn skikkeleg deilig sorbétis, med jordbær og bringebær og papaya. det var noko av det beste eg har ete i mitt liv. så då seier eg det.

shopping.
kor mykje shoppar du for i månaden? ikkje mykje. etter husleige, bussutgifter, matutgifter og andre nødvendigheiter, pleier det ikkje å vere så mykje igjen. men det kjem så klart an på kor mykje eg har fått i løn den månaden. er dessverre veldig dårleg på å spare.
har du fleire sko enn klede? nei. eg har mange sko, men har nok mykje fleire klede.
favorittplagg? kjole. spesielt dei eg har arva etter bestemødrene mine.
favorittfarge på klede? blått, raudt, kvitt, lilla, lyst og mørkt, sennepsgul – så lenge det ser draumeaktig og fint ut kan fargane vere det same for meg.
favorittfrisyre? brigitte bardot på 60-/ 70-talet. audrey hepburn i breakfast at tiffany’s.
beste mønster? blomar og krussedullar. eg elskar når ting ser rosemala ut.
beste accessoir? sløyfer og ringar og leppestift.
underklede? silke og blonder og prinsesseaktig.
verste plagg? bukser. eg hatar bukser.

jobb & utdanning
jobbar eller studerar du? eg både jobbar og studerar. på torsdag er eg ferdig på vgs, og til hausten skal eg studere, men eg har ikkje bestemt meg for kva heilt endå. på deltid jobbar eg som bpa (brukarstyrt personleg assistent) hjå ein als pasient, og det har eg gjort i typ 2 år no, og eg elskar jobben min!
kva vil du bli? skribent(forfattar, journalist, kva det skal vere), fotograf, bohém.
trivst du med jobben/utdanninga di? JA! men eg kjenner det skal bli godt å byrje å utdanne meg til noko som eg interesserar meg for – og ikkje berre denne vgs utdanninga.
er løna viktigast? nei. hadde den vore det, hadde eg aldri satsa på dei studieretningane eg har satsa på i det heile tatt.

 

generelt.
har du barn? nei. har ingen planar heller, i alle fall ikkje på fleire år.
er utroheit ok? nei. det syns ikkje eg. kva andre meiner er derimot heilt opp til dei sjølve.
elskar du nokon? ja, men ikkje på ein romantisk måte.
betyr familie mykje for deg? ja, veldig mykje. eg har seks søsken spredd rundt omkring og er oppdratt med gode familieverdiar. eg er typen som veit kven eg er femmenning med og kva bestemora deira heiter. det er koseleg. eg er veldig stolt av familien min.
kvar reiser du på ferie? om to veker reiser eg og ei av dei beste venninnene mine til rhodos, og eg gler meg så mykje at kofferten alt er pakka. ellers så er eg veldig glad i europa og eg vil gjerne tilbake til frankrike (oppleve paris!), til roma, amsterdam, riga. eg vil besøke praha og london og berlin igjen – for eg vart så forelska i dei byane sist eg var der. for meg er reising veldig viktig, og eg må reise mest mogleg oftast mogleg for å ha det bra. slik er det berre.
beste klima? ein varm maidag med typ 23 grader, med litt skyer. å kunne sitte i skuggen og ete jordbær og snakke om sommarferien.
heimefest eller gå ut? her på eid så er det ganske fantastisk miljø til å gå ut. alle reiser på pubben og der er alltid fantastisk stemning, flinke trubadurar eller djar og god stemning. og dessutan er det mogleg å sette seg ned med baren eller ut på balkongen om ein vil snakke. eg elskar å fare ut på eid, for då møter eg alltid kjente og får vere litt sosial og le mykje. etter pubben er det alltid nachspiel hos ein eller anna kompis og der samlast ein ca 15 – 20 stykker og kosar seg til ein kjenner ein blir trøtt og då tuslar ein roleg heim til hybelen. men eg er også veldig glad i heimefestar – dei er koslegast og har oftast best stemning.

ellers, dersom det er noko de lurer på er det berre å spørre i veg, så skal eg svare så godt eg kan! 


a list of questions i borrowed from mariell. if you have any questions for me, ask away and i’ll answer! photo’s are linked to their flickr.

7 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting

update on life.

kom ikkje opp i eksamen i dag heller, og kjedar meg difor meir enn nokon sinne før. for tida prøver eg mitt beste for å ikkje tenke på dei viktige spørsmåla eg må svare på snart. berre leve i nuet – ikkje tenke, berre gjere. det fungerar dårleg når ein ikkje har noko å gjere. ingen lekser, prosjekt, eller særemne ein kan fordjupe seg endelaust i, med den undskyldninga at – undskyld meg, men dette eg nesten få unnagjort. så då sit eg her. på ein hybel eg ikkje orkar å pakke ned, full av bøker eg ikkje orkar å lese, og berre stirrar ut i lufta og prøver å tvinge meg sjølv til å gjere noko. fungerar dårleg. eg blir berre sittande å tenke på alt eg ikkje har lyst til å tenke på – eller ta stilling til heilt endå.

som skular. i vinter søkte eg jo skular. eg søkte bilder nordic, westerdals og litteraturvitskap på uio. og i vår har eg farta fram og tilbake frå oslo på opptakshelg og intervju. og eg kom inn. på bilder nordic og på westerdals. og sit midt i eit ukomfortabelt luksusproblem. ukomfortabelt fordi eg må velge mellom to ting eg elskar like høgt – foto og skriving. ukomfortabelt fordi eg kjenner folk som også søkte i år, men ikkje kom inn. ukomfortabelt for det er jo liksom tabu og klage over slikt.

men det er ikkje berre skular. det er pengar og arbeid og flytting og alt – og eg kjenner eg er ikkje så voksen som eg skulle ønskt eg var. for det eg vil mest er å gøyme meg frå alle desse ekle spørsmåla og valga og berre la nokon andre bestemme. la nokon andre ta avgjerdslane for meg. la nokon andre styre livet mitt.

men så vil eg jo eigentleg ikkje det heller.

eg trur det er noko spesifikt med heile framtidsaspektet som verkar ekkelt og avstøtande på meg. for sjølv om eg skriv varmt og kjærleg om det i fleire av tekstane mine, er det heilt forferdeleg å ikkje vite kva som kjem til å skje. eg anar ikkje. no clue. å ikkje vite er det same som å ikkje ha kontroll, og dei som kjenner meg veit at eg som regel likar å ha kontrollen. helst skulle eg likt at livet hadde eit manus eg kunne gjere meg kjent med, slik at eg veit kva som skjer – eg veit kva val som er dei rette.

men så vil eg jo eigentleg ikkje det heller.

for halve meg handlar jo om at det løser sig, eg tar det som det kjem. ein må ikkje gå å overanalysere alt i livet, ein må nesten ta det litt på feelingen. livet er jo tross alt berre det ein gjer det til, og om ein går rundt og konstant bekymrar seg, kva livskvalitet er det? kor mykje nyt ein då dei dagane ein har blitt gitt her på jorda? ein må gjere det meste ut av livet no, medan ein lever det. om det er éin ting jobben min har lært meg, så er det nettopp dette. og likevel er det denne tankegongen som fyller meg aller mest med angst. kva om eg endar opp med å ikkje gjere det beste ut av livet mitt. eg er nitten. i tjueårskrisa. så klart har eg angst.

eg føler meg teit når eg skriv dette. ein skal jo liksom ikkje dele tenåringsnevrosene sine på internett. det er teit. skikkeleg 2004. men eg treng ein outlet, og takkar det meste for at denne bloggen er ganske anonym. eg er berre stressa, sliten og frustrert. det löser sig, skal de nok sjå.

life is pretty dull, i am only going around waiting to find out what my oral exam is going to be in (hoping for history og politics). and also i’ve been accepted to the two private schools i applied to (westerdals and bilder nordic school of photography), and it is really hard to choose, and i feel awful about having such a “problem”. i am trying to take life as it comes and not over-analyze everything. it is getting more and more difficult though, seeing as every choice i make seems to have a huge impact on my future. i wish someone else would take my decisions for me.

6 Comments

Filed under Kvardagen, Skriverier og tekstar og slikt.

ting eg vil, men ikkje orkar eller har tid til

❤ skrive

❤ svare på dei fine kommentarane dykkar. de er best.

❤ lese

❤ oppdatere bloggen så ofte som eg vil

❤ gjere ferdig alle dei halvferdige blogginnlegga eg har tenkt på lenge

❤ ringe dei finaste fine eg ikkje har snakka med på alt for lenge

❤ pakke ned hybelen, sjølv om eg skal flytte ut om under ei veke

❤ levere biblioteksbøkene som burde vore levert for lenge lenge sidan. i’m bad.

❤ finne inspirasjon til å skrive og fotografere

❤ lage mat

❤ sortere den rotebunken med allslags papir, som har hopa seg opp gjennom dette skuleåret

❤ snakke med folk på facebook

❤ ta bilder

❤ redigere bilder

kort fortalt går dagane i eksamensangst, forbereding, rydding, jobb og fine folk. kjenner eg treng ein ferie. eg treng å vere ferdig med vidaregåande no. treng å gjere noko eg vil, ikkje noko eg må. så eg er nok på ein liten ufrivillig blogghiatus. og eg les alle kommentarane dykkar (og svarar på mailar), og de får meg til å smile og le og knise – og når eg får meir energi og meir tid – då skal eg sette meg ned og ta eit realt skippertak. eg skal svare, om så det er kommentarar frå ein månad sidan (for eg har vore ganske lat der i det siste, i know). så hugs det, om det byrja lure. i see you. og livet er fint, om enn ein smule hektisk.

kva har de vore flinke til å utsette i det siste? kva driv de med for tida? kva skal de i sommar?? eg er så nysgjerrig!

suss suss


a list of things i really want to do, but haven’t got the energy or the time to, due to exams and work and all that jazz. ❤ write ❤ answere your sweet comments ❤ read ❤ update the blog ❤ finnish all my half-started blogposts ❤ call those pretty persons i haven’t spoken to in ages ❤ start packing down my apartment (even though i am moving out next week..) ❤ return the library books i should have returned some time ago ❤ find inspiration to write and photograph ❤ make food ❤ sort out the huge pile of random paper that has been constantly growing on my desk since the beginning of this school year ❤ talk to people on facebook ❤ photograph ❤ edit those pictures i actually have taken

what have you been procrastinating lately? what are you up to these days? what are you doing this summer? i am so curious!! 

kiss kiss

7 Comments

Filed under Kvardagen, Lister, annbefalingar og fine ting

til alle i nordfjord / sogn og fjordane

eg tar no foto-oppdrag, så dersom de ønsker billeg fotografering (familie, dåp, konfirmasjon, bryllaup – kva det skal vere), så er eg open for business. om de ønsker ei lita portefølje, her er nokre bilder:

1. konfirmantbilder

 

konfirmant: Ida Etterdal

2. portrett og diverse:

 

3. familie bilde:

 

de kan også besøke flickr-kontoen min her, eller sjå gjennom foto og slikt fint her på bloggen for fleire bilder eg har tatt. eg er superbilleg og kjempesjarmerande, så ver ein knupp og send meg ein mail på: kristinaaurore (alfakrøll) live (dott) com om de er interessert eller kjenner nokon som kan vere interesserte! suss og blinkesmil.


I am taking photo-assignemts this summer, so if you are in nordfjord/sogn og fjordane this summer, and want your picture taken, contact me via e-mail: kristinaaurore (at) live (dot) com. i am very cheap and really charming, so please contact me. kiss.

 

4 Comments

Filed under Foto og slikt fint