Monthly Archives: July 2011

02.16

eg høyrer på mumford & sons og lurer på å legge meg og lese ferdig the picture of dorian gray. eller å sette meg ut på verandaen og skrive tekstar eg aldri kan lese høgt til nokon, berre fordi dei er skrivne midt på natta.

kva gjer du akkurat no?

translation:
i am listening to mumford & sons, trying to decide if i should go to bed and finnish reading the picture of dorian gray. or if i should go out on my balcony and write stories i will never be able to show anyone, since it is written in the middle of the night.

what are you doing right now?

Advertisements

9 Comments

Filed under Kvardagen, Skriverier og tekstar og slikt.

you will never know i was here

eigentleg har eg inga skrivesperre. det er berre det at, når eg sit meg ned ved mamma sin pc og skal skrive noko her, så får eg ikkje til å formulere meg. eller det eg ønsker å sei. og eg er nok ikkje den einaste.

eg skal ikkje skrive noko meir om fredag. eller laurdag eller søndag eller måndag. eg trur rosene og fakkelane har sagt sitt. dei seier det så mykje bedre og meir presist enn eg nokon gong kjem til å kunne seie det. så dei får snakke for meg når det kjem til desse dagane ingen av oss nokon gong kjem til å gløyme.

sjølv rømde eg frå alt saman i går. til barmen, der eg satt i grillhytta, med utsikt rett i havet, og drakk raudvin, røykte alt for mange marlboro raud og snakka om alt, døden, livet, kjærleiken, venskap, med ei av dei eldste og beste venninnene eg har. slikt hjelper. slike mennesker hjelper. og vi seier det ikkje ofte nok til dei. i morgon rømmer eg litt igjen. på roadtrip til bergen med same venninna. til eplehuset og herifrå. berre tanken på å reise vekk, å sitte i bilen og sjå flatraket, måløy, eid, bli eitt med horisonten i sidespeilet, er meir fortryllande enn nokon anna tanke. ‘

eg håper de fine, fine, menneske som les denne bloggen har det fint. at de har hatt nokon å klemme, nokon å snakke med, nokon å drikke raudvin med. at de har folk rundt dykk som kjenner dykk bedre enn det kjenner dykk sjølve. det er så viktig. så utruleg viktig.

tell me now what’s the difference, between a shark and the ghost of a shark. cause all i have is secrets and memories of the dark. oh rip away the skin, burn my heart.

translation:
i am still very much paralyzed by the fact of friday’s terrorist attack. but i won’t write any more of it, not now at least. my words aren’t enough. they can never say as much as the millions of roses and torches all over the country, honouring the fallen, the lost and the wounded. yesterday i ran away from it all, to the island where one of my best and oldest friends grew up, and we drank red wine and i smoked too many marlboro reds and we spoke about life and death and love and friendship. tomorrow we are going on a roadtrip to bergen. i think it will be really good to get away from this place a little. i hope you all are well!

6 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt.

når ord blir fattige

victory attained by violence is a tantamount to a defeat, for it’s momentary – mahatma gandhi

 

eit auge for eit auge vil gjere heile verda blind. gandhi sa dette også. han sa òg at ein ikkje må miste håpet på menneskeheiten. for menneskeheiten er som eit hav, og sjølv om nokre få dråpar i havet er skittent, betyr det ikkje at heile havet er det. i slike tider kan det vere vanskeleg å hugse på dette. når vi blir utsatt for slik total urettferd, utan grunn eller meining. med inga anna hensikt enn å skape og spre frykt, kan det kjennest som om heile verda er ein diger, skitten sølepytt, der vi alle berre strevar med å halde hovudet over vatn i eit desperat forsøk på å få litt rein og frisk luft. slik er det ikkje.

ord blir få og fattige i lyset av slike hendingar. kva skal ein sei, kva ord kan hjelpe i ein slik hjelpelaus situasjon? kva ord kan trøste det utrøstelege ved å miste eit barn, ein bror, ei søster, eit barnebarn, ein ektemake? kva plaster er stort nok til å dekkje det store såret i hjartet av landet vårt? kva gjer vi no, for å stoppe blødningen?

eg går på twitter og hjartet mitt svulmar. all kjærleiken, omtanken, respekten og innsikten er heilt utruleg. det gir håp, sprer lys, meining. vi skal vere stolte. stolte av å bu i eit land med så kompetente leiarar som vi har, som sprer håp og demokrati, i staden for hat og hemn. dette er ei tid for samhald, medkjensle og kjærleik. ei tid for å halde hovudet kaldt og hjartet varmt. som nordahl grieg sa, “skaper vi menneskeverd, skaper vi fred”.

translation:
my heart goes out to the whole nation today. our beautiful norway, wounded. this day will never be forgotten. compassion, love, openness, democracy – this is what should be the priority in the days to come. it doesn’t do well to dwell on vengance. like mahatma gandhi said – an eye for an eye makes the whole world blind. and like nordahl grieg said – if we create humanity (human worth), we create peace. 22.7.11. a date that will stay with us forever.

6 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt., Viktige ting

fint den siste veka

å ommøblere pikerommet og finne mykje rare ting ein skreiv som 11, 12, 13, 14 og 15 åring før ein flytta heimefrå. som ein hemmeleg lapp gøymt inn i ein hemmeleg boks under senga med ei liste over alle eg var forelska i. som johnny depp og orlando bloom og aragon.

å bli overtalt til å reise på bygdedans ein laurdags ettermiddag av tiril og kose seg saman med folk eg aldri trudde ein kom til å sjå igjen etter ungdomsskulen (eller vidaregåande).

å bade i jacuzzi saman med bestis dagen derpå, med favorittmusikken frå då ein var fjorten på høgaste volum, for så å skråle med så høgt ein kan til både vers, refreng og instrumentalen.

å komme heim og sjå at der er eit ubesvart anrop frå finaste janne, som har vore tre veker i spania og som nettopp hadde landa.

å snakke med finaste janne på telefonen og ta igjen alt ein har villa ringt og fortalt dei siste vekene, men ikkje har kunna, fordi begge eller eine var i utlandet.

sitte inne med eit glas raudvin, nyaste vogue og melankolske tonar frå feist, og kjenne regnet tromme på taket og torden riste huset.

å få ein fin melding frå ei fin venninne om ikkje ein snart bør ta ein kaffi fordi ho flyttar snart og då kan vi ikkje drikke kaffi saman like ofte lenger.

å reise på kaffidaten og overraske med innflyttingsgåve og eit brev som vart skrive med tåre i auga på bussen dit, om kor mykje eg kjem til å sakne ho.

å sitte på ein benk i parken på eid og røyke tax-free sigarettar med finaste veronika, og tenke små melankolsk at dette kjem eg til å sakne – eid og folka og hybellivet og nudlar og alt, for  så å komme på at eid kjem alltid til å vere der, og vi kjem alltid til å komme tilbake.

å komme heim frå ein dagstur til eid og sjå at sara-kvalp er så glad for å sjå meg igjen at ho nesten snublar i sine eigne føter.

å tenke på alt det morosamme og spennande eg skal gjere i år, sjølv om eg skal bu heime, og smile og le stilt for meg sjølv fordi det er så fint at det alltid går bra til slutt. om ein berre jobbar hardt nok og har tolmod.

geiter som har hoppa over gjerdet og som går i vegkanten rundt huset vårt og et opp alle løvetenner og ugras, fordi det er slikt dei likar og det er slikt dei gjer.

foto: linka

translation:
some things that have made me smile this past week.

photos: linked to source

6 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting

eit liv i tårer

do not pity the dead, harry, pity the living. above all pity thoes who live without love.

spoiler alert.

ralph fiennes, daniel radcliff, avada kedavera. og så blir det kvitt. akkurat slik det skulle bli. kvitt og dust, som eit tynt teppe av skodde. kvite skyer. det er kings cross. det er harry og dumbledore og ein døyande del av tom riddle. naken, kvit, spinkel og blodete. ein blanding av eit barn og eit vesen. ein blanding av levande og død. det er tomhet farga i kvitt. og det er vakkert og rått og magisk. akkurat slik det skal vere.

og det er ei tolking. ei tolking, ikkje berre gjort av david yates, men også av emma og daniel og rupert. ei tolking frå maggie smith og alan rickman, frå gary oldman og ralph fiennes. det er ei bok, fleire bøker, ei historie, tolka av så mange forskjellege, kreative mennesker. frå regissør til cast, frå sminkørar til ad-ar (art direction). ei tolking laga av menneske der denne historia, desse bøkene, karakterane, har vore livet deira – barndommen deira, på ein heilt anna måte enn nokon andre kan påstå – og det er vakkert. til tross for alle avvik og omskrivingar, er det vakkert. det er skjørt og mørkt og dystert og skremmandes djupt. ein adaptasjon ein ikkje gløymer, for det er den siste, og det er den viktigaste.

det er alan rickman, ikkje i shrieking shack, men i ein krystallbåt. det er nagini, kill, og tårer av sølv. der det gøymde seg eit heilt liv, ein heil kjærleik – gløymde løyndomar frå hjartets innerste hjørne. og det er hudlaust og ekte. og sjølv om det er redigert i forhald til boka, så kom den gjennom – bodskapen, meininga. det løynde poenget som ikkje kunne komme før det nesten var slutt. det som forklarte alt.

og tårene vart til elver som vart til hav.

det er så mykje, så mange. det verkar fåfengt å ta tak i berre ein del, i berre nokre einskilde – for dei er berre små bitar av det heile. av poenget og moralen. det handlar ikkje berre om harry, eller voldemort, eller ron og hermoine. det handlar ikkje berre om kjærleik, men og om sorg og sinne, mot og motlause – hat og barmhjertigheit. det handlar om vennskap, om å vekse opp, om å bli eit menneske. det handlar om å leve, det handlar om livet. og det er det som gjer det så magisk og fantastisk – for det er nettopp det vi alle har til felles.

of course it is happening inside your head. but why on earth should that mean that it is not true?

translation:
i watched the last harry potter movie today, and here are my thoughts around the movie, the movies, the story and the adaption from book to movie.

8 Comments

Filed under Filmatiske vidunder

hausten, framtida og ting eg har tenkt ekstra mykje på den siste tida

livet er ikkje alltid slik ein hadde forventa. noko ein lærer med jamne mellomrom gjennom livet, og helst når ein byrjar å tru at ein har kontrollen. har du planen klar – så ver klar for at den kjem til å endre seg. slikt gløymer i alle fall eg ofte. og eg blir overumpla av endringane eg på inga måte har vore med å godkjent, men som berre blir slik, for det er berre slik livet er. først blir eg sint, så skuffa og så lei meg. og det skjer som regel i relativ hyppig hastighet. dei fem sorg stadiene kan eg gå gjennom på ein dag. nekting. sinne. forhandling. depresjon. forsoning. steg alle må gjennom, anten ein innrømmer det eller ikkje.

med forsoning kjem dragsuget. og som regel tenker eg – ok, men kva no? kvar går eg herifrå? kvar skal eg? kva vil eg? kvifor? eit svart hol av angst og uvisse. og så går eg i ørska. famlar i blinde utan sans eller samling, utan noko haldepunkt og utan å søke etter noko. heilt til det berre seier stopp. og eg veit at eg må legge ein plan. for utan ein plan blir eg berre svevande i mørkret utan meining eller grunn. det er i slike tilfeller det er fint å ha ei moleskine bok.

det blir ikkje oslo. ikkje med det første. noko som kom ganske brått og plutseleg. eg fekk jo skuleplass allereie i vår, både hjå bilder nordic og hjå westerdals, men eg sa nei til begge. ikkje fordi eg ikkje ville gå der, for dei som kjenner meg veit at det er ingenting i denne verda eg vil meir, enn å gå på ein av desse skulane. det går meir på at eg ikkje kunne. det går meir på det økonomiske. for sjølv om ein får si kvotering frå lånekassen, blir det ikkje nok – og uansett kor mykje eg ganga, delte, adderte eller subtraherte – så strakk det ikkje til. eg sa nei allereie i juni.

det er noko heilt eige og spesielt ved å ha alt du nokon sinne har drømt om så utruleg innan rekkevidde, å stå, med ein fot inne, for så å måtte stå på utsida å sjå døra latast att. ting endrar seg, raskare enn ein skulle trudd. eg vurderte å studere på uio, eg har jo søkt, men tanken slår lufta or meg. så eg bestemte meg for å jobbe og byrja søke. men er du ikkje fast buande frå før, eller tilflyttande svenske – så skal du vente lenge på å få jobb, uansett kor god søknad du har. det er heller ikkje berre berre å flytte til oslo utan jobb eller studie. og slik vart oslo utsatt. kor lenge er vanskeleg å sei, men ei stund.

vegen vidare, kva er den? her heime har eg bustad, fast jobb og nettverk. og det skremmer meg meir enn tanken på ei frp-styrt regjering. friår – skal du reise jorda rundt, ja då er det meir enn akseptert. skal du jobbe og spare pengar, då byrjar det ofte å rynke litt i augebryna til folk. eit år, to år, tre år – når er friåret eigentleg omme?

så eg planlegg. moleskinboka er ikkje lenger full av desorienterte skribleriar, men refleksjonar, planar, ambisjonar. nesten blanke sider der det kun står skrive; herregud, dette skal jo gå bra, det må jo det. sant? no kan eg legge av pengar, eg kan forbedre fag, reise, frilanse, ta lappen, kjøpe ny mac (som sårt trengs), nytt kamera (som også sårt trengs). om det skulle vore èi tid i livet der eg tar ting piano, bur heime og jobbar som ufaglært, så må det jo bli no. eg er nitten. eg er ikkje død endå.

så der har du det – ting eg har tenkt ekstra mykje på den siste tida. eg tar eit friår. her heime, på det forblåste, kalde, våte, vesle vestlandet. eit år på å bli litt meir voksen på. denne tid neste år skal de sjå eg forberedar meg til å ta akademia med storm. håpar eg. ting endrar seg raskare enn ein skulle trudd.

translation:
i have decided, due to my current economy, to take a year off school and work up some money. since it is close to impossible to get a job in oslo, i have decided to stay at home and work, seeing as i already have a job and housing here. right it all just feels like a huge set back, but i think in time, i will start to look at it as a challeng, a new possibility. life isn`t supposed to be what you expected – and even though i was accepted to both bilder nordic and westerdals, if i can`t afford it, i can`t go, and there really isn`t more to it. so i will save money, so that this time next year i will be able to do exactly what i want to do, and study exactly what i want to. in the mean time, i will keep you posted. i`m nineteen. i`m not dead yet. if there was ever going to be a time in my life where i put everything on hold, it has got to be now, right?

12 Comments

Filed under Viktige ting

♡ liked posts




vi har jo alltid vært jenter, ikkje sant. vi vet ikkje annet.
kval & actionfilm
only photograph what you love
hjartesmil
ting som jeg tenker som bare jeg får vite, men som jeg har glemt i det jeg ankommer stasjonen
sukkerrør

♡ undies in the oven
 
hannah and landon

piano
Aprikos

och vi bor i samma stad om nätterna
Sandra Beijer

her er nokre av innlegga som ligg lagra i liked mappa mi hjå bloglovin. innlegg om å starte jenteband fordi ein alltid har vore jente og det er alt ein kan. om å berre ta bilde av det ein elskar, om tankar ein gjer seg på toget, men som forsvinn når ein kjem fram til stasjonen. om truser i omnen, pianohender og å sakne kjærasten sin. kva skjuler seg i dykkar liked mappe?

foto: linka til opphav

translation:
here are some blogposts from my liked file in bloglovin. enjoy, and please share your liked posts if you want to!

2 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting