fint den siste veka

å ommøblere pikerommet og finne mykje rare ting ein skreiv som 11, 12, 13, 14 og 15 åring før ein flytta heimefrå. som ein hemmeleg lapp gøymt inn i ein hemmeleg boks under senga med ei liste over alle eg var forelska i. som johnny depp og orlando bloom og aragon.

å bli overtalt til å reise på bygdedans ein laurdags ettermiddag av tiril og kose seg saman med folk eg aldri trudde ein kom til å sjå igjen etter ungdomsskulen (eller vidaregåande).

å bade i jacuzzi saman med bestis dagen derpå, med favorittmusikken frå då ein var fjorten på høgaste volum, for så å skråle med så høgt ein kan til både vers, refreng og instrumentalen.

å komme heim og sjå at der er eit ubesvart anrop frå finaste janne, som har vore tre veker i spania og som nettopp hadde landa.

å snakke med finaste janne på telefonen og ta igjen alt ein har villa ringt og fortalt dei siste vekene, men ikkje har kunna, fordi begge eller eine var i utlandet.

sitte inne med eit glas raudvin, nyaste vogue og melankolske tonar frå feist, og kjenne regnet tromme på taket og torden riste huset.

å få ein fin melding frå ei fin venninne om ikkje ein snart bør ta ein kaffi fordi ho flyttar snart og då kan vi ikkje drikke kaffi saman like ofte lenger.

å reise på kaffidaten og overraske med innflyttingsgåve og eit brev som vart skrive med tåre i auga på bussen dit, om kor mykje eg kjem til å sakne ho.

å sitte på ein benk i parken på eid og røyke tax-free sigarettar med finaste veronika, og tenke små melankolsk at dette kjem eg til å sakne – eid og folka og hybellivet og nudlar og alt, for  så å komme på at eid kjem alltid til å vere der, og vi kjem alltid til å komme tilbake.

å komme heim frå ein dagstur til eid og sjå at sara-kvalp er så glad for å sjå meg igjen at ho nesten snublar i sine eigne føter.

å tenke på alt det morosamme og spennande eg skal gjere i år, sjølv om eg skal bu heime, og smile og le stilt for meg sjølv fordi det er så fint at det alltid går bra til slutt. om ein berre jobbar hardt nok og har tolmod.

geiter som har hoppa over gjerdet og som går i vegkanten rundt huset vårt og et opp alle løvetenner og ugras, fordi det er slikt dei likar og det er slikt dei gjer.

foto: linka

translation:
some things that have made me smile this past week.

photos: linked to source

6 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting

6 responses to “fint den siste veka

  1. En skikkelig, skikkelig fin liste❤

  2. Åh. Livet er ikke så verst!🙂

  3. Så mye fint!❤

  4. Karen Marie Kvåle Garthus

    “å tenke på alt det morosamme og spennande eg skal gjere i år, sjølv om eg skal bu heime, og smile og le stilt for meg sjølv fordi det er så fint at det alltid går bra til slutt. om ein berre jobbar hardt nok og har tolmod.”
    Godt å høyre at du ser lyst på livet! Eg trur det er lurt å ta eit steg tilbake og tenke seg litt om:) Perspektiv er aldri dumt. Men så må du heller ikkje gløyme kva det var du ville. Du er hjarteleg velkommen hit når du vil i året som kjem.

    • eg skal nok greie å halde fokuset oppe i løpet av året. eit friår heime blir nok meir enn nok, og du skal ikkje sjå vekk frå at eg kjem til valdres både titt og ofte, det er alt for lenge sidan sist!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s