Det beste rådet eg har fått

det er temaet eg skal skrive om til dykk som ein del av bloggutfordringa til Caroline. det beste rådet eg har fått. denne setninga har eg grubla mykje på dei siste dagane. eg har sitte med føta dinglande i vatnet på vatnasete, med sol i auga og barnerop i bakgrunnen. eg har tenkt på det i bilen med blikket vendt uoppmerksomt mot det forandrande landskapet utanfor vindauget medan eg og bestefar kjørte heim igjen på torsdagen. og det er ikkje enkelt å komme på noko svar. gjennom livet har eg fått mange råd, gode som dårlege, og nokre har eg tatt til meg, medan andre har svunnet hen berre sekund etter at dei vart sagt. og det er i mi erfaring ofte desse, dei som har fordufta, som burde vere dei som vart igjen. det er ofte desse eg ville lidd godt av å høyre på – og slik er det vel med dei aller fleste.

vi seier at vi må lære av livet, lære av feila vi har gjort og slik byggje grunnmuren av vår eigen person. men samstundes skal vi lære av andre, sjå deira val og konsekvensar og dra vår eigen konsekvensanalyse frå dei samla erfaringane vi har – våre eigne, så vel som andre sine. vi skal lære av fortida for å kunne utdanne framtida. eg les orda, høyrer dei, smakar på dei og forstår dei. og eg forstår også at desse orda eg nettopp har skrive, er enklare å skrive og forstå, enn å faktisk gjennomføre.

råd, som å lage eit fornuftig budsjett for kvar månad og halde seg til det, er enkle å forstå, men når det kjem til stykket ikkje vidare enkele å halde. faktisk er det eit av mange slike råd, slike feil begått av andre endt i erfaring, som eg har fått gjennom mine nitten år. først når eg fekk min første “jobb” som kioskpersonell på fotballkampar og tjente mellom 150 – 200 kroner per kamp. og igjen då eg som seksten åring flytta på hybel og byrja å verkeleg sette foten inn i dei voksnes liv. det var enkelt, og eg har fått høyre det frå mange – sett opp eit budsjett og følg det, spar på kvitteringane og gå gjennom dei – då veit du kva pengane går til, då veit du kva du har spart og kva du har sløst. eg hørte det, eg hugsa det og gjorde eit halvbevisst notat om å alltid hugse å ta med kvitteringane, og sette opp ein økonomiskplan. men resultatet… resultat var ei lommebok stappfull av bussbilettar og rema 1000 kvitteringar. det var panteflaskejakt halvanna veke før lønning og stipend, berre så eg kunne skrape saman nok til kaffi, nudlar og røyk. det var resultatet. ikkje fordi budsjetta mine var dårlege og urealistiske – langt i frå. det var ikkje anna enn eit resultat av matter over mind, i staden for mind over matter.

det var vil og kan som kjempa mot kvarandre, og som regel vant vil. og slik vart tomflaskejakt ein del av mitt ritual og min rutine. har eg lært noko av det? vel, denne månadane var det første eg gjorde etter lønning og rekningar – å bestille kle, bøker og hårprodukt på internett. angrar eg? nei. for eg har råd til det, eg er i jobb, eg har kapital, det går fint. men det er ikkje til å stikke under ein stol at ein del pengar som enkelt kunne gått rett på sparekonto, i staden for går rett ut i oblivion.

gode råd, uansett kor dyrebare dei er, er, når det kjem til stykket, berre ord og forslag ein kan velje å rette seg etter. eit råd er ikkje som ei lov, det er valfritt. tar du det, så supert, viss ikkje, nei nei. i bunn og grunn er det berre ein sjølv det går utover. mitt val om å bruke delar av min lønning på kle og bøker, er når alt kjem til alt, mitt eige problem i slutten av månaden. det går ikkje utover nokon andre, og slik rettferdigjer eg mitt eige forbruk og mitt eige val om å gå imot betre viten i søken etter augeblikkets gode. og slik skal det jo tross alt vere. det går rett under kategorien fridom, og der skal den forbli.

for tingen er at dersom nokon hadde komt bort til meg, mamma, postmannen, kven faen, og på nokon som helst måte kritisert den dyre oppkravspakken frå hennes og mauritz, eller anntal rekningar med mitt namn på – ville eg ikkje tatt lett på det. eg ville bedt dei om å ryke og reise, om å bry seg om sitt eige forbruk før dei tok til på mitt, for så å trampe min sjølvrettferdige veg derifrå. og det er kanskje nettopp dette som er heile poenget med saken. nettopp dette som er kjernens kompleksitet. grunnen til at dei gode råda ofte flyg oss hus forbi, medan dei dårlege sit igjen. grunnen til at ein uskuldig kommentar om rett tema, kan føre til fornærming og ein fornemmelse av krenking; for kvart gode råd vi får, kvart gode råd vi veit vi burde følge, men som vi mot vår bedre viten vel å sjå vekk frå – vil eit kvart innspel frå kven som helst om saken kjennest som eit urettferdig angrep og kritikk på vårt eige val.

eg veit eg burde moderere mitt økonomiske forbruk for å kunne spare mest mogleg gjennom dette friåret. men så langt har eg ikkje gjort det. akkurat som eg veit at eg burde slutte å røyke, ikkje berre for helsa sin del, men også for dei økonomiske aspekta av saken. men eg gjer det ikkje. og eg er ikkje aleine. alle har eit eller anna i livet dei veit dei burde gjere annleis for å få det best på sikt, men som dei konsekvent og utan ettertanke ikkje gjer. fordi det byr imot det som gjer livet bra der og då.

for tingen er at når det kjem til visse saker, så veit vi at vi ikkje burde gjer det, og likevel presterer vi å gjer nettopp det. kvifor? fordi det gir spenning, det gir adrenalin – liverfaring. kanskje burde eg ikkje tatt den siste pilsa den kvelden, eller kyssa den guten eg veit har kødda til så mykje av kjensleregisteret frå før av. kanskje burde eg ikkje sagt ja til å bli med ut kvelden før ei tidlegvakt, eller ete det kakestykket i staden for å ta ein joggetur. det er så mykje vi burde gjort i staden for det vi gjer, men som berre fell vekk når det kjem til stykket fordi vi er trøytte, vi orkar ikkje, vi vil ikkje, vi kan ikkje dy oss. og det er livet. det er difor råd er forslag og ikkje reglar. retningslinjer vi kan velje å følge, eller å sjå vekk frå.

for samstundes som vi gir råd og veileiing i tråd med det vi har lært gjennom eigen og andre si erfaring, seier vi også at ein må følgje hjarte sitt. gjere det som er rett for seg sjølv, og ikkje miste sin eigen identitet i skulle, burde, gjorde, skal gjere. og når det kjem til stykket, når alt nøstar seg saman og ein først treng hjelp og nokon andre sin input – då er det beste rådet, det einaste rådet som burde brennmerkast i panna på alle, å spørre om det. det beste rådet eg nokon sinne har fått i den store samanhengen er ikkje å sette opp budsjett eller lese korleis bli ikkje-røyker. det er ikkje nei, kristina, ikkje snakk med han, du veit det berre endar i tårer! ei heller er det å bruke pinsett i staden for augebrynskniv når ein skal plukke augebryna. det er ikkje å mosjonere regelmessig og ete sunt, eller å alltid hugse å fjerne sminken før ein legg seg. det beste rådet eg nokon sinne har fått, og som kanskje er vansklegast å følge, og samstundes vansklegast å hugse, er å tørre å spør om hjelp.

5 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt., Viktige ting

5 responses to “Det beste rådet eg har fått

  1. Åå, fantastisk skrevet. Dette var så fint å lese. Du er så klok og du har meget gode råd. Det fineste av alt er at det kommer av egne erfaringer.

  2. Du er en av de klokeste jeg vet om. For et fantastisk innlegg!

  3. veronika

    Sats på skrivinga!!!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s