fine dagar, fine folk

sidan macen ikkje har komt i posten endå, (ringte eplehuset franisk og småsur og dei sverga på at dei har sendt den i posten og er på veg), tenkte eg å fortelle litt fine ting frå veka som har vore og vekene som kjem. men med gamle bilder sidan kameraet mitt ligg med janne og macen er på veg i posten.

måndag. tok eg sjukehusbussen til barmsund, der finaste tiril bur, for vi skulle ha end-of-summer kveld, og det var meg, tiril, sofie, yngvild, vilde og kjersti – to komedier (kalde føtter! eg vil alltid elske den!), vegetarnachos til meg og vanleg til dei andre. der var sitronvatn, men det drakk ikkje eg, for eg toler ikkje sitrus. det var ein veldig søt dessert og kanskje tre kilo med pastasalat med feta. tiril og dei har hot tub i hagen, så på kvelden sat vi der og skravla og snakka om livet i sin generalitet. og når det var blitt neste dag og det berre var eg og tiril igjen, gikk vi midnattstur på hovudvegen i pyjamas, som vi alltid gjer. også åt vi nattmat og medan tiril såg ein gammal episode av rossvell (?), sovna eg utmatta etter ein lang og fin dag med jobb og venner.

tysdag. tysdag var den einaste fridagen min denne veka (jobbar overtid), og den vart brukt på ein tur til måløy, der eg kjøpte us vogue (dei haddde ikkje italia eller french eller uk, dårlege greier..) og ysl foundation. når mamma var ferdig på jobb reiste eg, ho og tante signe til eid – som eg elskar høgre enn stjernene – og der møtte eg, ut av det blå, finaste andrea, som har flytta til volda og som eg praktisk talt budde med det siste hybelåret. vi tok ein røyk og snakka om kor rart det var å vere på eid og ikkje bu her, eller skulle på skule, og også om kor deilig det var. også reiste eg opp på sjukehuset for å besøke verdas beste sogning og bestefar, som er innlagt med lungebetennelse. og der sat vi og snakka om heimelaga jordbærsylte og eplesaft frå sogndal, samt korleis han hadde det og at han byrja å bli bedre og slikt. finaste janne kom oppom sjukehuset for ein røyk og ein prat, og vi snakka om bestefedre, skulestart, friår og kjærleiken.

ellers går denne veka til jobb og kvardagsrutiner. men neste veke, då reiser eg til oslo, det er planen. då skal eg besøke snillaste anette, som eg eigentleg skulle bu med, men som ikkje vart noko av fordi eg skal ta friår og ikkje fekk jobb i oslo. og eg skal sjå den fine leilegheita “vår” på grünerløkka, og eg kjem til å gråte på hjørnet av olaf ryes plass fordi eg ikkje kunne flytte dit likevel, men så kjem det til å gå fint likevel.

3 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere

3 responses to “fine dagar, fine folk

  1. ❤ til deg! Håper du får det fint i Oslo sånn allikevel!

  2. håpe osloturen din blir lika magisk og fin som du ♥

    (og sorry for lite kommentarer, men eg e her og lese for det)😉

  3. Karen Marie Kvåle Garthus

    Legg turen via Begnadalen, då:)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s