litt om min sommar



sommaren byrja med ein fantastisk kosleg avskjedsfest for heile 92-kullet. været var nydeleg, himmelen eventyrleg og stemninga på topp. med ein liten melankolsk, men spent undertone – for no var vi ferdige, no skulle alt byrje!

eg fotograferte bryllaupet til onkelen min og stressa og kosa meg om kvarandre.

eg reiste til eid og sa hei til kariann og skjønne, vesle lily caroline som var heime på visitt.


så pakka eg og sissel koffertane våre og satt oss på nattbussen til gardemoen, der vi sat i nesten tolv timar medan vi venta på flyet som skulle ta oss til rhodos. flyet vart forsinka grunna streik i hellas, men etter mykje om og men kom vi fram, og vi hadde sånn cirkus slik:











og eg tenkte at dette er nettopp det eg bør gjere i livet. reise, skrive skjønnlitteratur og fotografere. og eg gleda meg til skulestart og til å komme heim og redigere bryllaupsbilder og å lage reiseguide og ein ‘korleis overleve syden’ guide.

eg kom heim til flatraket, der det også var sommar og grønt og fint. så kræsja macen med alle bryllaupsbilda på, og eg fekk angst og gjorde alt i mi makt for å få fiksa maskina og få bilda tilbake, og fram til berre nokre veker sidan såg alt mørkt og dystert ut. og så måtte eg plutseleg seie nei til både bilder nordic og westerdals fordi eg ikkje hadde økonomien til å betale skulepengane, buutgifter og alt det mikkmakket, og klumpen i magen vokste seg større. eg søkte på jobb i oslo, men ingen ville ha meg sidan eg budde heime, og måtte sei frå meg draumeleilegheita eg hadde saman med anette, og klumpen blei til sement. og så jobba eg ein heil del.



eg fekk mykje fint sommarbesøk av fine folk som ville få meg til å smile. og sjølv om all lysta til å ta bilder forsvann med den øydelagte macen, hendte eg av og til drog fram kameraet likevel. her: frank, tiril og sofie i midten i nederste bildet.

eg og veronika hadde ein siste kaffi-date før ho flytta til ålebyen med kjærasten sin, amund. og det var fint og trist og kosleg og vemodig på akkurat same tida. og ho fekk høyre på alt som skjedde og trøsta og prøvde å sette ting litt i perspektiv. og så fekk ho ei innflyttingsgåve som også var litt til meg når eg plutseleg kjem på besøk.

heile sommaren levde eg så og sei kun på smoothie og pasta og gikk nokre kilo ned i vekt (som forresten fann meg igjen for ikkje så lenge sidan).

så var det malakoff tid igjen, festivalen eg elskar meir enn nokon festivalar, den det ikkje blir skikkeleg sommar uten. men eg kunne ikkje i år, for eg jobba nattevakt den helga. så i staden var eg med til eid for å køyre veslebror 18, og medan vi sat i bilen og snakka om håkan hellström som skulle spele eine kvelden og om ida maria, vart det plutseleg heilt stilt i bilen. og vi skrudde opp volumet. klokka nærma seg fire om ettermiddagen den tjueandre juli. på eid var alle i festivalmodus. det var folk frå overalt og det verka så uverkeleg nyheitene. det kunne ikkje vere sant. men det var det. og eg og janne satt ute og drakk kaffi og røyka og snakka om kor uverkeleg det heile var. heile den helga sat eg limt foran pc og fjernsyn på nattevaktene og retweeta trøsta og prøvde å forstå.

kristin kom heim igjen til nordfjord, og det var som om ein del av meg var tilbake. og eg reiste til barmen og vi drakk raudvin og snakka, og når ho skulle reise heim igjen til bergen var eg ikkje klar for det, så då reiste eg med ho, for det var bedre enn å vere aleine. men eg tok ikkje med kameraet for eg ville ikkje ta meir bilder.





janne, hanne og marie fyllte nitten år, og feira det med cocktailparty med mange fine folk eg kjenner og saknar, og nokre nye fine.

eg reiste til volda utan kamera og besøkte finaste andrea. og vi drakk vin og snakka om korleis vi begge to plutseleg skulle ha friår i staden for å studere og om korleis vi sakna å bu 100 meter unna og å snakke kvar dag medan vi slækka foran home and away eller noko anna såpetv. når eg kom heim igjen fekk eg macen igjen frå eplehuset, men like skadd som då eg leverte den frå meg og alt rakna. eg reiste til oslo utan kamera for å besøke anette, bjørgo og mia, og på eplehuset i oslo redda truls frå eplehuset livet mitt. eg, hanne (bildet over), bjørgo og malina reiste på chatau neuf(?) på studentfest og der møtte vi gamle klassekameratar ut av det blå og fann ut kor verkeleg lite noreg er. også gikk vi tilbake på grünerløkka og dagen etter tok eg nattbussen heim igjen til flatraket og då eg kom heim, då var det plutseleg haust. og ein fin, men også litt vond, sommar var bak meg.

KORLEIS VAR DYKKAR SOMMAR??

translation: 
here are some pictures from my summer. it started with the good-bye party for the seniors. then i photographed my uncle’s wedding, i photographed the sweetest baby, lily caroline. i went to rhodes with sissel. then i came home, my computer crashed with all my photographs in it, i had to decline my spot at both westerdals and bilder nordic school of photography due to financial difficulties. then i was unable to get a job in oslo, since i don’t live there, and so i had to give away my room in my dream apartment with anette. and it was no fun at all. luckily i have loads of friends who came to visit me. i drank coffee with veronika, who moved away to ålesund. i lived off smoothies and pasta and lost some weight. but don’t worry, it found me again. then the day that shook us all came, and i spent my nightshifts in front og the television and the computer trying to comfort others and realize what had really happened. my best friend kristin came home and it sort of felt like a part of me returned. we drank red wine at her childhood home, and when she had to go back to bergen, i wasn’t ready, so i went with her and then we drank some more wine and talked about how bergen is perhaps the most beautiful city in norway. i went home and celebrated janne, hanne and marie’s birthday. then i traveled to volda to visit andrea whom i used to see every single day the last year as we lived 100 meters apart. then i went to oslo and got a new mac and truls at the applestore saved my life. and hanne (photo above), bjørgo, malina and i went out for a beer and met people we knew at random and had a really nice time. and when i came home again it was autumn and a long, nice, but also a little sad, summer was over.

 

1 Comment

Filed under Foto og slikt fint, Kvardagen

One response to “litt om min sommar

  1. Virker som du har hatt litt å gjøre i sommerferien:)
    SV;Så spennende! skjønner at man ikke reiser alene til moskva.hehe. Hadde ikke turt det selv .:) London og roma høres som bra reisemål!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s