Category Archives: Bøker, litteratur

fint i posten

eg har forresten utruleg lyst til å slutte på skulen ogreise jorda rundt om dagen. trur kanskje eg er på randen av ein rekord i skuletrøtthet. dessutan er eg meir enn ferdig med nordfjordeid også. vesle miniplassen.


books i got in the mail yesterday. and by the way, i find myself wanting to leave school and travel the world. i think i might be on the verge of a record in being tired of school. i am also very done with living in a tiny community. teeny tiny eid.

12 Comments

Filed under Bøker, litteratur

det här är en kärlekshistoria

i går fekk eg pakke i posten. den kom heilt frå oslo, og var frå verdas skjønnaste anette. i pakken låg det ein søt, liten, plastikkpose frå frøken dianas salonger, og opp i den låg det finaste eg har fått i posten nokon sinne. nemleg hjartemagasinet til mariell.

og magasinet er så fint, at det skal vere med i veska mi, overalt eg går.

5 Comments

Filed under Bøker, litteratur, Lister, annbefalingar og fine ting

Tre fine bøker alle bør lese

Eg leser bøker fortløpande, og kvar gong eg er ferdig med ei ny, tenkjer eg at eg må hugse å skrive om ho på bloggen. Dessverre blir det som regel berre med tanken, og eg noterer i Moleskine boka mi at eg må hugse å lage eit bokinnlegg om den. Ein dag. Difor tenkte eg at eg skulle dele tre bøker eg har lese det siste halvåret, tre bøker som eg personleg meiner alle bør få med seg. Fine, inntrykksfulle bøker.

Få Meg På For Faen – Olaug Nilssen

I denne boka møter vi tre forskjellege kvinner; Maria, sosiologi student i Bergen og arbeider som reinhalderske. Ho har fått i oppgåve å skrive eit føredrag, men alt ho greier å skrive om er kor forferdeleg ho syns arbeidet hennar er. Ho draumer om at føredraget skal bli så bra at Dagsrevyen vil dekkje det, og ho endeleg får den anerkjenninga ho føler ho treng.

Alma. Ei 15 år gamal jente som går siste året på ungdomsskulen. Alma slit i kvardagen. Ingen vil vere venn med ho, alt ho greier å tenkje på er sex og Artur og Sebjørn, og dessutan har folka i klassen byrja kalle ho Pikke-Alma. Og mor til Alma kan jo umogleg forstå korleis det er å vere ho, ingen forstår det.

Kona til Sebjørn. Ho er mora til Maria, og sju andre ungar. Ho kjeder seg som heimeverande mor og føler at ingen verdset arbeidet ho legg i heimen. Ein dag får Kona til Sebjørn nyss om at den lokale nepefabrikken skal leggjast ned, då bestemmer ho seg for å reise til Stortinget og demonstrere.

Denne boka er rett og slett berre kjempebra. Den er velskriven, humoristisk, klein, ærleg og feministisk. Dessutan er ho på nynorsk og handling foregår i Nordfjord (Gloppen). Eg vart kjend med denne boka i vår, då filmselskapet Motlys reiste rundt i Sogn og Fjordane for å finne skodespelarar til filmatiseringa av boka, som kjem til hausten igjen. Eine hovudrolla fekk ei venninne i parallellklassen min, Malin, så difor var eg ekstra interessert i å finne ut kva boka faktisk handla om. Berre les den, ok?

Utvalgte Emner i Katastrofefysikk – Marisha Pessl

Her møter vi Blue, mor hennar døydde då ho var lita, og sidan då har ho og faren køyrt frå by til by der faren har fått forelesingsjobbar. Han er nemleg både sosialist og professor og kjempesmart. Blue har aldri budd på same plassen over lengre tid, og har difor aldri knytta langvarige vennskap og bekjentskaper. Ikkje at det gjer ho så veldig mykje. Sosialisering har aldri vore ei av hennar hovudinteresser – bøker, kunnskapsdebattar med faren og skulearbeid er det Blue interesserar seg aller mest for, og ho arbeider for å komme inn på Harvard University ein dag. Siste året av vidaregåande slår ho og faren seg ned i ein liten by og ho byrjar på privatskulen st. Gallway. Her møter ho filmlæraren Hannah Schneider, og ho blir kjend med dei mest omtala elevane på skulen, dei kongelege. Blue sitt liv verkar strålande, heilt til ho finn Hannah hengd i skogen. Alle meiner det er eit sjølvmord, men Blue er sikker på at læraren ikkje tok sitt eige liv, og bruker difor alt ho har av kløkt og fantasi til å finne ut nettopp kva som skjedde den natta Hannah døydde, og kvifor.

Denne boka har eg skrive mykje om på bloggen, og eg har lova uttaleg mange å lage eit innlegg der eg fortel meir om ho, og her kjem det. Dette mesterverket er debutromanen til Mirsha Pessl, og eg kan berre tenkje meg at dei kommande bøkene hennar blir eineståande.Boka er eit eldorado for oss boknerdar, då den er full av litterære og filmatiske henvendingar for nesten kvar einaste setning. Den er kanskje på størrelse av Bibelen, men det gjer ingenting. Ein blir dratt inn i forteljinga og når den er ferdig sit ein igjen og vil berre vite meir.

alle kapittelene har ei litterær, filmatisk eller politisk henvising. Herlig.

Også er den full av grafiske hjelpemiddel. Her: Dei kongelege.

Og baksida av boka er kanskje endå finare enn framsida! Sukk, dette må vel kanskje seiast å vere ei av mine absolutt favorittbøker. Den er berre så himla vakker!

Livet sett fra Nimbus – Axel Jensen

Ein annan forfattar som har fått mykje omtale på denne bloggen, er Axel Jensen. Eg kan skrive åttehundre sider om kvifor han er favoritt forfattaren min, helten min. Kvifor eg valde han som særemne i norsk og kvifor bøkene og hans liv revolusjonerte korleis eg ser på verda, men då trur eg aldri at eg kjem til å slutte å skrive. I staden for kan de lese denne boka; her har nemleg Jensen sett tilbake på livet sitt frå sjukesenga. Med ein satirisk og humoristisk tone fortel han om å vekse opp som pølsemakarson, privatskular, dårlege norsk karakterar, om å flytte til Sahara og bu i ei hole med ein guru. Han fortel om venskapet med mystiker John Star Cook, om barndomskjærasten Marianne og då dei flytte til Hellas, der han vart god ven med Leonard Cohen, som seinare vart saman med Marianne (Leonard Cohen – So Long, Marianne og Leonard Cohen – If It Be Your Will). Om då han gifte seg med Leonard Cohen sin eks-kjærast, Lena. Om då han skilde seg og flytte til London. Om å få LSD som antideprersiv og tusen fleire ekstraordinære fortellingar frå hans ekstraordinære liv. Axel Jensen er ein inspirasjon og ein legende i norsk litteratur og helsepolitikk, eit litterærtgeni. Noko som er meir enn grunn nok til at alle i heile verda (og bøkene hans er jo oversatt til over 30 språk), burde lese bøkene hans. Spesielt denne. og EPP. og LUL. og Line. og Ikaros. og Gud Leser Ikke Romaner. og Den Øredøvende Stillhet. og Og resten står skrivd i stjernene. og alt.

Kva bøker les de for tida? Har de nokre bøker de meiner eg MÅ lese? Kven er favorittforfattaren din? Kva bok endra livet ditt?

8 Comments

Filed under Bøker, litteratur

Hold Still

I går fekk eg ein pakke i posten eg  har venta lenge på. Det var ein pakke frå capris.no og inn i den låg det to fine bøker eg lengje har hatt lyst å lesa. Få meg på for faen av Olau Nilssen og Hold Still av Nina LaCour.

Hold Still har eg venta lengje på. Den har vore med meg sidan 2. desember 2009, då eg heilt tilfeldig kom over video traileren på youtube. Det var noko med traileren til boka som (ved fare for å høyra cheesy ut) rørte ved meg. Kvifor eg ikkje bestillte den før forrige veke er litt merkeleg (det meiner eg også), men det berre vart slik. Men i går kom den, og i natt las eg ho – og den var alt eg hadde forestilt meg, og så litt til. Den er så fin og vond og trist og nydeleg. Den gir deg gåsehud, svarte hol i brystet – midt mellom ribbeina, sommarfuglar i magen – alt ei god bok skal gi lesaren.

5 Comments

Filed under Bøker, litteratur

“do you like it when you hear something before you see it?”

Eg driv og les boka “extremely loud and incredibly close” av jonathan safran foer for, eg trur, hundrede gong no. den er jo berre så utruleg fin og sår og nydeleg. den perfekte vinterferie boka. med ein kopp herleg svart kaffi og med denne spelelista her (“do you like it when you can hear something before you see it?”) på svakt i bakgrunnen, då kan ein verkeleg slappe av! og eg lovar, neste speleliste eg legg ut skal vere litt meir slik meg-i-kvardagen. altså litt meir heavy, faktisk mykje meir heavy, men av og til er det ganske deilig med slike rare indie, 60-tals inspirerte låtar også. det må eg berre seie altså.

I am currently re-reading the book “extremely loud and incredibly close” by Jonathan Safran Foer for the 100th time. it is just so incredibly beautiful and fragile and adorable. the perfect winter holiday book. combining that with a cup of pretty black coffee and this playlist (“do you like it when you can hear something before you see it?”) silently playing in the background. that causes for relaxation. and i promise the next playlist i share will be a little more my-everyday-self kind of playlist, which means heavier, much heavier, it is just that sometimes it is just so nice to listen cooky indie, 60’s inspired songs.

14 Comments

Filed under Bøker, litteratur, Foto og slikt fint, Musikalske eventyr

“Do you need some help?…. with the carpet beating?”

jula eg var 12 år fekk eg boka “Sense and Sensibility” av besteforeldrene mine. Sidan då har eg vore forelska i Edward Ferrars, noko eg alltid kjem til å vere. Han er *sukk* perfekt. Spesielt i BBC serien som kom ut i 2008. *glis*

and with swedish subtitles, how lovely!

och:



my, i think i can die now…

The christmas I was 12 I got “Sense and Sensibility” from my grandparents. Since then I have loved Edward Ferrars, and I always will. He is *Sigh* perfect. Especially in the BBC series that came out in 2008. *GRIN*

Leave a comment

Filed under Bøker, litteratur, Filmatiske vidunder

Fortapt i Jane Austen

Er det ikkje berre heilt herleg å kome heim igjen etter ein lang og stressande dag og berre dumpe ned på senga, slutte å smile og heller sjå ut som ein føler seg, trøytt og sleten og ikkje i noko godt humør, medan ein høyrer på skikkeleg fuck my life musikkog ryddar hybelen, for så å lese litt i verdas finaste bøker og så setje på verdens finaste filmar og draume seg langt bort, til den tida ein burde ha levd i? Det tykkjer eg i alle fall.

20081214001356

Tumblr_kv49q8zgel1qa34z1o1_500_large

20090821004055

Tumblr_kwx6a9nktk1qa9tnao1_500_large

Tumblr_kr6xjafqhi1qzdzcdo1_500_large

Tumblr_kwx64m575u1qa9tnao1_500_large

Tumblr_kphhdnslck1qzb31mo1_400_large

1 Comment

Filed under Bøker, litteratur, Filmatiske vidunder