Category Archives: Kristina i den Store Verda

eit ferienotat

eg skulle skrive noko, men eg veit ikkje heilt kvar eg skal byrje. moleskinboka mi er full av baade reisetekstar og skjoennlitteraere tekstar, men eg vil spare dei litt til. dessutan har eg ikkje med meg boka til internettkafeen, eg tenkjer liksom ikkje saa langt.

det har vore nokre flotte dagar paa rhodos saa langt. eg har blitt baade solbrent og faatt frekner, og bli kvar dag spurt om eg kom i dag sidan eg er saa bleik. daa svarar eg som regel berre det at eg er born to be white, ogsaa faar dei berre greie seg med det. det er nesten merkeleg aa tenkje paa at om berre nokre dagar reiser vi heim igjen. daa byrjar den uendelege reisa atter ein gong . dagane har gaatt so fort. vi har ete mykje, sola oss, bada, festa og gjort alt det ein forventar to nitten aaringar skal gjere paa rhodos. med visse forhaldsreglar saa klart. i gaar var vi i gamlebyen, noko som var ein heilt fantastisk oppleving, som alle som reiser til rhodos burde faa med seg.

naar eg kjem heim og faar organisert meg litt, tenkte eg aa legge ut ein liten rhodosguide. kva ein burde gjer, proeve, halde seg unna, ikkje gaa glipp av og slikt – interesserte? i saa tilfelle, kva vil de ha med i guiden? for eg har mykje material aa dele med dykk! saa stay tuned, stay cool and stay your self! no skal eg lese bloggar og chatte med mamma paa facebook.

translation:

still in rhodes. life is good and the weather is nice. just thought i would check in and tell everyone i am ok and that life is good!

Advertisements

9 Comments

Filed under Kristina i den Store Verda

elope with me, ms. private, and we’ll sail around the world.

om berre nokre veker reiser eg. eg og ei av dei finaste venninnene eg har. til hellas. eg har aldri vore i hellas før, og eg gler meg meir enn eg greier å skrive. hellas er jo liksom eit slags eventyrland. så mykje historie og magi og overtru og skjønnheit. då skal eg gå i blomekjolar utan strømpebukse, og den gamle skinnveska mi, som farfar laga til farmor ein gong for lenge sidan då dei var unge og forelska. og i veska skal det ligge mobil og lommebok, raud lebestift, parfyme, solkrem, marlboro, eit gamalt minolta analogt kamera og min gode, gamle canon. og vi skal ligge på stranda og drikke sex on the beach, piña colada, øl, long island iced-tea og kokosnøttmelk (om der er, for eg har jo aldri vore i hellas før). og vi skal bade, og gå på sight-seeing i gamlebyen og sola skal vere akkurat litt for varm, slik det alltid er i syden, og eg skal få så mange frekner, både i andletet og på skuldrane, at eg nesten liknar ein dalmatiner. og i nøyaktig sju dagar er det som om vi befinn oss i ei anna verd – utan bekymringar eller kvardagslege gjeremål – og når vi set oss på flyet heim igjen kjem det til å kjennest både trist og fint, for slik er det i livet.

speleliste: i will be your ferdinand and you my wayward girl

foto: linka til kjelde


in just a few weeks i am going to rhode in greece with one of my best friends, and i can hardly wait! playlist: i will be your ferdinand and you my wayward girl

15 Comments

Filed under Kristina i den Store Verda

oslo, do you want to be my friend?


eg er i oslo. vakre oslo som eg vart forelska i ein gong i fjor sommar. eg kom torsdagskveld, og sidan fredag har det eigentleg vore full rulle. opptakshelga har vore kjempefin/spennande/skummel/angstfylt/morosam, ja alle ord eg kan komme på. i går hadde vi forelesning med bjørn opsahl og damian heinisch, og av grunnleggar og kreative leiar inge helland. utruleg inspirerande, spennande og overveldande. no sit eg på ein kafé på karl johan og har akkurat levert siste opptaksprøva mi. no er opptakshelga ferdig, no skal eg slappe av. møte folk. så send ein mail om du vil møte eitt stykk forvirra nordfjording innan i morgon kveld! (kristinaaurore alfakrøll live dott no)

foto: privat


i’m in oslo. my beautiful oslo. i’m here at an admissionsweekend at the school bilder nordic school of photography. it’s been crazy and fun and petrifying and every emotion so far. i love it. 

6 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Kristina i den Store Verda

Litt om solstrålar i februar og framtida i august

Det er februar no, heile verda mi er kald. Bakken er dekt av is og sludd, og ofte tryner eg på veg enten til eller frå skulen. Skulen er håplaus, eg sit og kjeder meg, og underyter i timane fordi eg ikkje ser poenget. Det verste i verda er å føle at ein kastar vekk tida si på noko ein ikkje får noko for. Slik er skulen for tida. Det er blitt litt trist å stå ute i friminutta og fryse på fingrane, sommaren kjem jo aldri, det kjem til å vere vinter for alltid, sa vi. Så kom sola.

Den kom som eit brev i posten, heilt uforventa. Eg sat på biblioteket, som eg så ofte gjer, eg hadde fritime, det var fredag, og eg såg skins. Det var akkurat trettifem minutt til eg måtte vende nasa mot StudioEid og gymtime, og der eg sat og tenkte kor mykje eg hatar fredagar, kor forferdeleg eg syns det er å trene saman med andre og så få karakter på det, og kor irriterande det var at skins bufra seint – kjende eg det vart varmt i nakken. Eg reiv auga frå skjermen og såg rundt meg, eg sat i den raude sofaen med ryggen vendt mot glasveggen ut, som eg alltid gjer. Sollyset lyste opp alt – radene med bøker, ansikta til bibliotekarane og elevane, skjermen på macen min, halve venstrearmen min. Det var som om nokon hadde skrudd på lyset i eit mørkt rom. Everything was illuminated.

Samtalemna sirkulerte ikkje lenger rundt vinter, kor glatte vegane er eller den ekstreme kulden. I staden diskuterte vi vår og hyttetur, sydentur, russetid, sommarferie, festivalar og framtida. Det er det vi kallar hausten, framtida. Ingenting har verka meir uoppnåeleg enn framtida. Kva som kjem, kva som skjer, det er det ingen som veit heilt sikkert. Personleg er eg livredd framtida. Eg gler meg noko heilt nådelaust til august, til den byrjar, men eg er livredd for juni og juli. Karakterar og skulesvar.

Karakterar har aldri vore eit problem for meg, skule har som regel alltid vore noko eg har fått til . Men dei siste månadane, med ingen energi og ikkje noko overskot, har det vore vanskeleg å oppretthalde det som før var hobbien min. Misforstå meg rett, karakterane mine er gode, men godt er ikkje det som skal til. Vi snakkar superfenomenalt. No er vi komt til den delen der eg fortel om kva eg skal i framtida.

Til hausten flyttar eg til Oslo. Der skal eg bu i leilighet saman med Anette og studere. Eg skal gå på Blindern. Der skal eg gå eit årsstudium i anten engelsk, psykologi eller litteratur. Der er nokre andre årstudium eg går og tygg litt på også, men desse tre er dei som verkar mest aktuelle for meg akkurat no. Det er dette eg interesserar meg for. Grunnen til at eg tar eit årsstudium i år er ganske enkel, eg føler meg ikkje klar for å byrje på ein bachelor eller master heilt endå. Eg vil ha eit år til å tenke på. Eit slags friår, der eg studerer noko som eg likar og interesserar meg, samstundes som eg får ein smakebit av korleis studentlivet er, korleis bylivet er.

Eg gler meg noko heilt umåteleg til august. Til å flytte inn med Anette, til alt som ikkje er her i Sogn og Fjordane. Alle butikkane, utestadane, tilboda, menneska. Å flytte til Oslo kjem til å bli som å få alt tilgjengeleg med ein gong, det kjem til å forandre verda mi.

Og det er planen min. Ganske enkel eigentleg, og det er ganske godt. Kva eg gjer når året er omme, veit eg ikkje endå. Eg har nokre idéar flygande rundt i hovudet allereie. Eg vil i allefall ha ein bachelor i statsvitenskap ein dag, men der er også mange andre ting eg kan tenke meg å studere. Slik er det med meg, eg vil så mykje, har så mange planar og draumar og ønsker, og helst skulle eg ønske at eg kunne gjer alle saman med ein gong. I staden skal eg sitte ute i februar sola, med dei finaste menneska, og snakke om vår og hyttetur, festivalar og sydenturar, medan vi røyker sigarettar og grugler oss til sommaren kjem og alt er over, då alt byrjar.

Kva skal de til hausten?

11 Comments

Filed under Kristina i den Store Verda

Ein fin ting å tenkje på i narkoseørska

Ryggen min er sliten etter å vore i same posisjon alt for lenge. Eg prøver å senke kroppen litt ned, flate den ut litt for å kvile musklane, men det hjelper ikkje stort. Dessutan gjer det vondt i operasjonssåra når eg prøver på det. Eg vurderar å spørre ein av sjukepleiarane om å senke ryggen på senga mi, men det blir med tanken. Ryggen min er alltid sliten, om sengeryggen blir senka, kjem eg til å ville ha den opp igjen etter kort tid uansett. Eg kjenner at morfinen byrja gå ut av kroppen, og smerten blir litt meir distinkt for kvart minutt, men det går enn så lenge. Det er jo berre å trykke på knappen så kjem dei med ei ny dose når den tida kjem.

Likevel er det litt småkjipt å vere åleine på eit ukjent sjukehus. Ein kjenner seg brått så isolert, og når handa er dekt av nåler og gjennomsiktige plaster, kan ein ikkje hjelpe for å kjenne seg litt ekstra dårleg og åleine. Men eg har hatt god tid på å forberede meg, og har så klart pakka med meg ein bråte dvdar og bøker. Til tross for at eg berre skal vere her ei natt. Ein sjukepleier kjem inn og spør om alt går bra, eg smiler og nikkar eit forsiktig joda, her går det berre bra. Eg tenkjer at eg gler meg til i morgon, til mamma kjem og hentar meg og eg kan fare heim att. No vil eg berre tenkje på fine ting. Som at eg og den finaste Sissel nett har bestilt oss sydentur til Rhodos og reiser dit med ein gong skulen er ferdig i sommar.

Då skal vi bu på stranda og andlete mitt skal bli ein stjernehimmel av frekner, sjølv om eg ikkje syns det er noko fint.

også skal eg ta bilete av all den nydelege maten vi skal ete

og eg skal ta bilete av alt som er greskt og fint og får meg til å smile.

No skal eg sove litt, eller sjå gilmore girls. Verda blir betre når eg får sett gilmore girls.

6 Comments

Filed under Kristina i den Store Verda, Lister, annbefalingar og fine ting

Ei helg i Svelgen

Denne skjønningen, Lucas, på ni månadar fekk mykje merksemd og var den søtaste babyen i verda!

Lene leste nattahistorie til meg og Janne før vi la oss.

GTA maraton i pysjen. Eg fekk pluss poeng for ondskapsfull latter då eg highjacka ein buss og køyrde ned alt og alle.

Sussen Tyson fekk også mykje merksemd

Lucas!

Lucas og Tante Janne

Mamma Lene, den finfinaste!

Og når søte Lucas var på overnatting med besteforeldra, gjorde vi oss klare for Rock N Roll i Svelgen City!

Heihei!

To festklare finfine snupper!

Janne skulle ta bilete av meg og Lene, og det var slik.

Men så fekk ho det til likevel og så var det ut akkurat som i “gamle dagar”. Kos!!

Korleis har dykkar helg vore?

3 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Kristina i den Store Verda

tysdagar i Ålesund

eg vakna klokka seks om morgonen for å ta hurtigbåten til Ålebyen.

Eg kjeda meg.

eg las ferdig the Bell Jar og den var like fantastisk som kvar gong eg les den!

Då eg var ferdig med Sylvia Plath fann eg ut at eg skulle lese litt Axel Jensen.

Eg har ikkje lest i akkurat denne boka sidan Praha, og då eg opna boka fann eg ut at bokmerket mitt var bileta eg og Elise tok på undergrunnen i Andél. Det fekk meg til å smile.

Eg kjeda meg ikkje i det heile tatt den siste timen før vi annkom Ålesund.

Etter tannlegetimen min (som varte i 5 minutt, as per usual), for eg på kafé, den var kjempe skjønn og heitte chocco bocco eller noko slikt.

Der åt eg makronar og las i den nye boka mi, Trekkoppfuglen av Haruki Murakami. So far so incredible beautiful.

etter ei stund på kafé gikk eg ned på busstasjonen, der var det skumle duer, men dei angreip meg ikkje likevel.

Bussen var ein alt for lang og keisamtur og sjølv om bussen reiste frå Ålesund i tre tida, var eg heime halv ni om kvelden. Særs givande.

4 Comments

Filed under Kristina i den Store Verda