Category Archives: Lister, annbefalingar og fine ting

tjueni bokstavar.

medan eg driv å svarar på spørsmåla dykk og tar bilder av favorittklea mine og slikt, så kan de få denne fine vesle lista som eg fann hjå ina (som hadde funne den hjå nokon andre).

A. Age: 19
B. Bed size: dobbel. meir enn det er uvisst.
C. Chore that you hate: STØVESUGING! eg berre moppar eg.
D. Dogs: ein pitteliten terrier som heiter sara og som har ein mamma som er english toy terrier og ein pappa som er yorkshire terrier.


 E. Essential start to your day: kaffi og fuktighetskrem.
F. Favorite color: sennepsgul, raud, blå
G. Gold or Silver: sølv eller kvitt gull, men også gull da.
H. Height: 170 cm.
I. Instruments you play: trombone, klarinett, barython og blokkfløyte. ja og trompet, men det er jo same konsept som barython.
J. Job title: bpa (brukarstyrt personleg assistent – også kalla pleieassistent) og frilansfotograf.
K. Kids: keine. nada. none. ingen.
L. Live: i ei lita bygd som heiter flatraket og som har ein joker butikk, eit bibliotek som er ope ein gong annan kvar veke og som husar rundt 450 personar.

M. Mother’s name: Judith
N. Nicknames: Kvåle, K, Tina, Kriss.
O. Overnight hospital stays: tre – då eg vart fødd, då eg tok mandlane som 14 åring og i fjor november sist eg opererte.
P. Pet peeves (små ting som irriterer deg): når folk ikkje høyrer etter. og når dei smattar.
Q. Quote from a movie: “Når jeg dør, ryker en sølvstreng med glatte perler som triller gjennom landet og renner hjem til muslingmødrene på havets bunn. Hvem vil dukke etter mine perler når jeg er borte? Hvem vil vite at de var mine? Hvem kan gjette at hele verden en gang har hengt rundt min hals?” – i et speil, i en gåte.
R. Right or left handed: veldig høgrehendt.
S. Siblings: seks. fem brødre og ei syster.

(her manglar ein)
U. Underwear: blonder, blomar, silke og sateng.
V. Vegetable you hate: asparges.
W. What makes you run late: har stilt alle klokkene mine seks minutt fram i tid slik at eg alltid er tidleg ute. men søvn. søvn gjer meg seint ute.
X. X-Rays you’ve had: då eg var ti og brakk foten etter eg hoppa frå verandaen. og nokre ct-skan og ein mr, men det var pga heilt andre ting.
Y. Yummy food that you make: eg lagar ein mean vegetar pastasaus. og vegetarpizza.
Z. Zoo animal: giraff!
Æ. Ærlighet varer lengst? trur det ja.
Ø. Ønsker for fremtiden: at ting ikkje går til helvete.
Å. Året som har gått (så langt): mykje bra og noko vondt, men med gode venner så gjer det ingenting.

translation:
a list i stole from ina, who stole it from someone else. me according to the alphabet.

11 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting

kva vil du vite?




spørr då vel! (som vil sei, ver så snill å spørr om noko slik at eg ikkje ser heilt teit ut…).  og introduser dykk gjerne samstundes, eg er så nysgjerrig på kven de er og kva de driv med! 

translation:
ask me anything!  

14 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting

sidan det er søndag

i dag fekk eg ein fin kommentar frå denne jenta, og då eg besøkte bloggen hennar kunne eg ikkje forstå kvifor eg ikkje allereie følgte den? så det gjer eg no, og det syns eg de også bør gjere. her finn de fine bilder ho har tatt, inspirasjonsbilder og søte lister og tekstar. så klikk dykk innom og trykk følg og legg att ein fin kommentar, for det syns eg ho fortenar. var berre det.

translation:
i think everyone should follow this blog! 

8 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting

cinco cosas sobre mi vida



éin. tusen takk til alle de som har likt facebook-sida mi, det varmar verkeleg og motiverer meg til å fortsette. (ergo: de er dei beste i typ heile verda). til alle som bur i nordfjord/sogn og fjordane (men også de som bur andre plassar), så frilansar eg som fotograf om dagen ved siden av jobb – så det er berre å ta kontakt dersom de ønsker. eg er billig som berre juling!

to. eg jobbar mykje om dagen, fem nattevakter berre denne veka. men i neste veke får eg endeleg den nye turnusen min (noko eg har sagt i fleire veker no, kryssar fingrane), og då får eg endeleg ei skikkeleg oversikt over dagane mine. det blir fint.

tre. det fine med nattevakter er at eg har mykje tid å slå ihjel, og det er tid eg ofte brukar på å sjå film eller lese. til no har eg sett paris when it sizzles, funny face, de usynlige, jane eyre (for andre gong), de dødes tjern, midnight in paris (åh, som eg hugleikar den!) og cry baby. i natt tenkte eg å sjå notting hill. yet again. for, som kval og actionfilm seier, det er slike filmar ein ser når det er haust og ein er sjuk etter kjærleik. men eg trur ikkje eg er akkurat det.

fire. i sommar har eg heilt falt av lasset og vore alt for opptatt av alt for mange ting til å halde noko som helst oversikt over bloggar eller slikt fint. så om de veit om nokre flotte bloggar, eller om de har ein flott blogg (som eg er sikker på at de har), legg igjen eit lite spor, så skal eg kike innom!

fem. er det ikkje flott korleis ting ordnar seg av og til?

translation:
thanks to every one of you who has bothered to like my facebookpage, you are the best and you motivate me not to quit!  i am working quite a lot these days, five night shifts just this week, on the bright side i get a lot of money from it, and also i sort of love my job too. however it will be great to get a final schedual over my shifts, so that i can finally start planning things again! one of the perks of working the night shift is that i have loads of time to watch movies, and the last couple of days i’ve watched a whole bunch of them, so look forward to a moviebonanza! and also, seeing as this summer was so hectic for me, please feel free to leave blogs you want to reccomend, or just your own blog, and i will be sure to have a look. and last but not least, isn’t it nice how sometimes things seem to work themselves out, especially when you thought they never would?

3 Comments

Filed under Kvardagen, Lister, annbefalingar og fine ting

her trengs ein tittel

èin. eg har eit lite løynd prosjekt som kanskje er noko, og kanskje er ingenting.

to. ting buttar litt imot om dagen, men det går jo bra, det er berre så mykje på ein gong, og det blir ein jo litt sliten av.

tre. i morgon reiser eg til oslo. det skal bli godt.

fire. har byrja å sjå på serien ‘awkward’ den er fantastisk og skjønn og klein utan å vere for klein. så det må de sjå på!

fem. les noveller av anna gavalda og tenker at ho alltid veit korleis ein har det.

seks. ….

translation: just some facts about my life this past week.

1 Comment

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting

fem ting om slikt som er

1. macen er endå ikkje komt i posten og eplehuset sin servicetelefon er stengd på laurdagar.

2. reiser til volda på måndag for å besøke fine andrea. vi skal drikke vin og vere juksestudentar, sidan vi begge har friår.

3. i går låg det eit raudleg blad på bakken som fekk meg til å innsjå at om berre nokre veker vil alle trea vere farga slik og bakken også.

4. prøver å bestemme meg for om eg skal til eid i kveld og danse til dj på puben med janne, eller om eg skal på bygdedans her heime og danse til vassverkgutane.

5. har utruleg lyst å ha ein fotoshoot når eg er i oslo neste helg, men treng modellar – frivillig? kontakt meg her: kristinaaurore krøllalfa live dott com.

translation:
a list of things i am thinking about at this moment.

7 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting

sju ting om den siste veka og livet mitt

ein. den sporadiske blogginga i det siste skuldast at macen har over lengre tid vore øydelagt og til reperasjon, så eg har kun brukt stefar sin 2006 packard bell laptop og jobb pcen. men no kjem macen tilbake med posten ein gong i veka som kjem. eg satsar på måndag. det hadde vore fint.

to. var på familiehyttene på vatnasetet med ein heil haug med andre kvålsar i veka som var. vi feira at bestefar blir 70 og at Atle-farbror og Gunnbjørg er 80. det var koselig og fint, som det alltid er når vi er på vatnasetet.

tre. er svært lite på facebook om dagen. det er ikkje kjekt å sjå at alle flyttar og blir studentar og slikt, medan eg valgte å vere heime og stirre i havet på ubestemt tid. eg treng å gjere noko med haldninga mi til dette altså.

fire. fekk lønning, betalte rekningar og bestilte kle og slikt for fleire tusen på internett. må moderere pengebruken min også.

fem. var sjuk natt til i går og i går. det var ikkje kjekt.

seks. i sogndal fekk eg sleppe laus på bokhandelen. kjøpte knausgård min kamp 1 (og lurer litt på kva den heiter på tysk), erlend loe doppler, shakespeare romeo & julie og anna gavalda eg vil at nokon skal vente på meg. til den siste tittelen sa gunnstein-farbror “ja, berre la dei vente, dei har godt av å vente litt”.

sju. no er eg på jobb og drikk te og et nøtter og ser på bonanza.

translation:
seven things about my last week and also my life. 1. my mac has been broken for some time now, which is why i have been blogging so rarely. but now it is fixed and on it’s way home to me. hopefully it will be here tomorrow. 2. went to the family cabin right outside of sogndal with my family to celebrate my grandfather’s 70th birthday and his brother and sister-in-law’s 80th birthday. it was so much fun and so nice. 3. i’m hardly ever on facebook anymore. because everybody is writing about their exciting studies and that they’re moving and all, while i decided to stay here and work and stare into the ocean. i need an attitude adjustment. 4. got my paycheck. paid the bills. went online and ordered clothes for thousands of kroner. need to adjust my spending habits too. 5. i was sick yesterday and the night to yesterday. that wasn’t particulary fun. 6. in sogndal i was allowed to go to the bookstore. i bought knausgård’s my battle 1, erlend loe’s doppler, shakespeare’s romeo and juliet and anna gavalda’s i want someone to wait for me. to which my grandfathers brother said “yes, that’s good – keep them waiting, that will serve them good”. 7. now i am at work, drinking tea and eating cashews

6 Comments

Filed under Kvardagen, Lister, annbefalingar og fine ting