Category Archives: Mat

min morgon er lasta med

gilmore girls, kaffi, jordbær/blåbærsmoothie og vitamin medan eg sprang rundt og rydda og ordna meg. fin morgon. fin skuledag også, historie, norsk og engelsk. and that’s it. lenge leve tysdagar.

korleis ser dykkar tysdagmorgon ut?


my morning was filled with gilmore girls, coffee and strawberry/blueberry smoothie while i ran about the flat tiding up and getting ready. it was a really nice and calm morning. i only have school until two today also, and all my favorite subjects are today; history, norwegian and social science english. how was your tuesdaymorning?

11 Comments

Filed under Kvardagen, Mat

måndagsfrukost og frukostbloggar

bringebær, blåbær og gojibær smoothie, kaffi á la måndagsmorgon, vatn og sukrin til søtning av smoothie.

om de hugsar så lovde eg meg sjølv for ei tid tilbake å byrje å lage frukost, ikkje berre i helgane, men i kvardagen også. eit prosjekt med varierande resultat. eg er og blir ei smoothie-jente, og om morgonen skal det helst ein smoothie til for å få meg til å orke å ete noko. då er det fint med fine frukostbloggar, som 365 days of breakfast og simply breakfast, som er fulle av fine bilder og frukostinspirasjon. i håp om å bli eit frukostmenneske (for frukost er jo ofte det beste måltidet), skal denne veka bli mi offisielle frukostveke. Let the games begin!


my breakfast today. blueberry, rasberry and gojiberry smoothie, coffee á la mondaymorning (meaning: extra strong), water and sukrin for sweetening of the smoothie. my personal challenge to start eating breakfast every day, has been a project with different results. luckily there are blogs, such as 365 days of breakfast and simply breakfast, to fill me with inspiration. to reach my goal of becoming one of those shiny happy breakfast people, this week is officially breakfastweek. Let the games begin!

7 Comments

Filed under Mat

makronar og karamellar

i dag var eg på natas thaimat i måløy og åt middag saman med mamma, brødre og besteforeldre. då vi skulle betale såg eg desse nydelege små pakkane med franske godbitar, og berre visste at eg måtte kjøpe dei. ikkje berre fordi fransk er min store kjærleik eller fordi pakningane var så søte at ein nesten døydde av å sjå på dei, men også fordi makronar er min store svakheit i livet. eg elskar dei. og i vesle nordfjord er det så og sei umogleg å få tak i skikkelege makronar, for ikkje å snakke om makronar i det heile tatt.

sidan eg for tida driv å les alain de button sin essays in love, fann eg ut at eg måtte spare dei til eg fekk lese. kva kan vel vere betre enn makronar og litteratur kombinert? i mi verd; ingenting.

karamellane var så som så, søte, fine, men ikkje det store vidunder. men makronane derimot, var heilt nydelege! dei var verken tørre eller smaklause, men smelta på tunga. så dersom du finn desse makronane på ein kafé eller i ein butikk, kan de kjøpe dei med godt samvit. produsenten er waffel factory as og makronane heiter macarons de Pauline. og som om ikkje det er nok, så ligg dei i den finaste pappeska med teikningar av eiffeltårnet, hjarter, stjerner og oh lalala, Mmmm skrive på. det er fint det.

natas thaimat i måløy er forresten også verdt å besøke, dei har suveren thaimat der, og dersom du er som meg og ikkje et kjøtt eller fisk, så lagar dei kjempegod vegetarmat til deg om du seier i frå i forkant. også er det utruleg fint og roleg der, så berre far dit neste gong du er i nordfjord/måløy området. ok?


bought some macaroons and nougats today. there really aren’t many places to find macaroons in nordfjord, so i was really happy to find some today! the nougats weren’t all that, but the macaroons tasted amazingly. they weren’t dry or tasteless at all, which i feared, since they were packed in plastic. they tasted divine, almost as good as the macaroons i had in france!

12 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting, Mat

frukostinspirasjon


f
oto: Simply Breakfast (trykk på bilda!)

eg skal bli flinkare til å ete frukost, drikke meir te og ha betre tid på morgonane, det trur eg alle har godt av. om berre nokre dagar er det vinterferie, og då skal eg sove lenge (og jobbe litt) og bruke god tid på å laga mange fine frukostar, dokumentere dei og love meg sjølv at eg skal slutte å skippe frukost i kvardagen. det trur eg blir himla fint og himla godt. kva skal de i vinterferien?

kva er yndlingsfrukosten dykkar? min er kaffi og blåbærsmoothie, nomnom..

8 Comments

Filed under Mat

Frukost på senga

I dag vakna eg av at veslebroren min kom inn på rommet med frukost til meg. han hadde laga te, skiver med ost og prim på, også hadde han baka kake. Ei pepperkake-kake som han hadde komposert sjølv, og den var kjempe god og smakte litt som eplekake med kanel.

kva hadde de til frukost i dag?
har de fått frukost på senga i det siste?

6 Comments

Filed under Mat

korleis ikkje vere forkjøla

Eg er sjuk, forkjøla til det punktet at stemma mi har forandra toneleie og folk kallar meg Snufs. Å vere sjuk er ikkje noko eg har tid til akkurat no, så difor laga eg ei liste om korleis ein ikkje er forkjøla.

1. Sov

Eg seier ikkje sov heile dagen, men sov om natta. Legg deg tidleg og sov. Dersom du, som meg, har vanskeleg for å sove (les:insomnia), så kan dette vere eit vanskeleg punkt å følgje. Drikk te utan kaffein, ikkje drikk kaffi etter klokka sju (hard, i know) og slapp av éin time før du legg deg, les ei bok eller sjå ein søt film. Uansett, sov. La kroppen kvile, la den prøve å fikse seg sjølv.

2. Gå i strikkegenser

Det er min filosofi at alt blir betre dersom ein går i ein tjukk og god strikkagenser. Helst med tradisjonelt mønster og fargar, kombinert med tjukke gode strikkasokka. Sjølv tjuvlånar eg bestefar og stefar sine tjukkegensarar, for dei er store og varme. også har eg berre éin eigen tjukkegenser sjølv.

3. Et skikkeleg mat.

Som Tine Katrine seier: “det er så mange som kaster seg over godteri og chips og kaker når man er syk. blir litt feil føler jeg, for hvis kroppen noen gang trenger næring, så er det når man er syk!!” Dette er heilt sant. Så klart er det godt med safari kjeks når ein ligg i sofaen, med ullteppet over seg, rennande nase og ein god dose sjølvmedlidnad, men hjelper det eigentleg? Vil kroppen bli raskare frisk dersom du proppa den full av tilsetningsstoff, sukker og anna dritt? Nei. Sjølv er eg ein smoothie person. Alt som er godt og sunt er best som smoothie.

Ein god bli-frisk smoothie er denne:
– 1/2 banan
– ein neve eller to med frosne blåbær
– bringebær og jordbær
– 1 ts purely greens
– 1/2 ts rått kakao pulver
– 2 ts udo’s choice
– ca 1 1/2 – 2 ts sukrin
– fyll på med skummetmelk og vatn og blend godt i ca 3 – 5 minutt for minst mogleg klumpar og voila! Ein smoothie full av vitaminar, næring, antioksidantar, fettsyrer og alt som kroppen treng for å lege seg sjølv.

4. Les fine bøker

Harry Potter er endå betre dersom ein les den når ein er sjuk. Det fins ikkje eit betre tidspunkt for å leve seg inn i ei ny verd, eit nytt univers, enn når ein er sjuke. Fine bøker å lese når ein er sjuke er: Harry Potter, Pride and Prejudice, the Perks of Being a Wallflower, Og resten står skrivd i stjernene (Axel Jensen) og Hold Still (Nina LaCour).

5. VÆR POSITIV!!!

Ikkje la sjølvmedlidnaden ta over! Tenk på alt som er fint i verda, kattungar, hundekvalpar (sara-kvalp <3), regnboger, og alt sånt som eigentleg er litt teit, men også er utruleg fint og kosleg, og som får deg til å smile. Dette er kanskje det viktigaste punktet!

6. Drikk te

Likar du ikkje te, så drikk kaffi eller kakao, men drikk noko som er varmt og godt. Så klart er te mykje sunnare enn dei to andre alternativa, men eg kjenner ofte at berre det å drikke noko varmt og godt roar kroppen og sinnet og gjer at ein slappar lettare av.

Det viktigaste av alt er vel eigentleg at ein fokuserar på å bli frisk. Den mennesklege psyken er ganske sterk, fokuser på at du skal bli frisk. Ikkje på at du ikkje skal vere sjuk eller at du er sjuk (då er det jo ordet sjuk som går igjen i hovudet ditt), fokuser på å bli frisk. Dersom du konsentrerar deg på å bli frisk, så er oddsa på at du blir det mykje større!

Foto: linka til kjelde!

12 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting, Mat

Frukost smoothie!

Det fine med å ha insomnia er at ein har mykje tid til å få ting gjort. god tid på badet, god tid til å finne ut kva ein skal ha på seg. tid til å rydde rommet, organisere bokhylla etter alfabet, sjanger, høgde, lest/ulest, god/dårleg. Men kanskje det eg set mest pris på er god tid til å lage frukost. I den travle kvardagen, har eg som regel ikkje tid til å lage meg frukost. Den blir liksom alltid beståande av ein kopp 1-2-3 kaffi på veg ut døra, også eit par dusin kaffikoppar i friminutta fram til lunsj. Å ta seg god tid på kjøkkenet om morgonen er difor eit dyrebart gode for meg. som vegetarianer og helsefreak er det ganske beroande å kunne ta seg tid til å lage noko skikkeleg.

Dagens frukost er ein smoothie. Planen var å lage ein grønn smoothie, men med manglande ingrediensar vart den lilla. den er propp full av vitaminar og smakar nammenamm. ein liten oppkvikkar.

God frukost smoothie

Ca. 150g skogsbær (frose)

To nevar isbergsalat

2 ts udos choice

ca 3dl rismelk

½ frossen banan

1 ss blåbærsylte

1 ts vanilje pulver

littegrann søtningsmiddel (sukrin e.l)

bland I ca 2 min for best konsistens

+ 1 multivitamin

denne smoothien er ganske rennande, men det er berre å ta væskeinnhaldet på sparket (som eg som oftast gjer). Kor mykje væske du vil ha i smoothien din (vatn, rismelk) kjem heilt an på kor tjukk du vil at smoothien skal vere. Den frosne banana er for konsistens (frosen berre for å gjere smoothien kald og god). Det går heilt fint å bruke ei fersk banan og bruke isbitar i staden. eit godt råd er å fryse ned rismelk som isbitar!

Dette blir også ganske mykje smoothie, så eit fint tips er å leite fram ei g-sport flaske (eller noko i den duren) å helle i det som er igjen og oppbevare det i kjøleskapet. Når det er sagt, så bør den sikkert ikkje stå lenger enn ein dag i kjøleskapet. inspirasjon til vegetarmat og smoothiar får eg  frå desse sidene: Silje, Mjuugly

No skal eg dusje og drikke pukka te og kaffi og gjere meg klar til å reise på jobb (måtte visst jobbe ekstra denne veka gitt).

1 Comment

Filed under Mat