Category Archives: Musikalske eventyr

haust

om hausten blir eg melankolsk. når sola blir kald og og morgonrimet har klamra seg til daude blomar – er alt eg vil å ligge under dyna, høyre på roleg musikk, drikke te og teikne folk i dugget på vindauget. Då er det ekstra fint å høyre på Elsk Meg i Morgen når ein går til skulen og skulle ynskje at ein satt heime, med tjukkelester på og leste The History of Love for femtande gong.

bilde: Elsk Meg i Morgen.

Advertisements

5 Comments

Filed under Musikalske eventyr

raudvin, dumdum og buffy

fine ting som har skjedd idag:

– stefar kjørte meg til skulen idag tidleg.

– eg reiste til sandane og hørte på bestevenninna mi, Kristin, sin hovudinstrument eksamen. den var kjempe bra, ho avslutta med dream theater og fekk karakter 5, sjølv om ho burde fått 6.

– eg har ingen lekser og det er fint vær ute.

– mamma kjem heim frå Harstad idag og har med seg gåve til meg.

– eg er komt til sesong 3 av buffy maratonet mitt.

– eg sitter å høyrer på DumDum Boys og drikker raudvin.

ting som ikkje er så fine idag:

– eg er konstant utslitt og har vore det i to veker no.

– megavideo seier eg må vente 54 minutt får å sjå ferdig Buffy episoden eg ser på.

– pcen til mamma støttar ikkje raw-fil bileter.

ja også ser eg litt småleg mongo ut idag.

.

it has been a long, but fun day. my best friend, Kristin, had her main instrument exam today (the piano), she was great and got a 5, which is the second best mark you can get in Norway.

3 Comments

Filed under Musikalske eventyr

dagens fotograf info, speleliste og ei liste som berre er fin

bloggen er litt kjedelig i det siste. eg veit det, og det irriterar meg grådig,  heldigvis fins det grunnar til det. heilt sidan eg kom igjen frå frankrike for ein månad sidan har eg vore heilt drukna i skulearbeid og jobben min. eg har hatt tre eksamenar, tre heildagsprøver og jobba mykje ekstravakter på jobb. av og til så må ein nesten berre prioritere det ein må gjere i staden for det ein VIL gjere. hadde det vore opp til meg, hadde eg brukt vekene på å intervjue fotografar og sjølv tatt mykje bileter. men eg bur på hybel og er økonomisk uavhengig og eg går på skule, så slik blir det berre.

eg har jo sjølv sett (og forstått kvifor) at lesartalet har sunke dei siste vekene, det er heilt forståeleg. dei siste to vekene har eg heller ikkje hatt macen min, den ligger på eplehuset i bergen etter å ha vore på service, og eg har måtta bruke min mors pc. forhåpentlegvis får eg den tilbake til mandag. pcen til mamma støttar ikkje raw-filer og eg får ikkje lasta opp bileter og i alle fall ikkje redigert dei (om ikkje det vil at eg skal paint redigere uopnbare rawfiler). ein anna grunn til lite og uvarierande innlegg.

no derimot er eg ferdig med alle eksamenane mine, eg har berre èi heildagsprøve igjen og no har eg også invistert i nytt objektiv. eg har så smått begynt å intervjue fotografar igjen, og har laga grunnlag til forbetring i “dagens fotograf”. forhåpentlegvis blir det ny dagens fotograf i løpet av helga. det skal eg gjere alt for å klare! det skal bli deilig å kunne publisere eit innlegg av litt kvalitet og arbeid. skal også prøve å bli flinkare til å annbefale andre bloggar, bøker og liknande. lovde ei for fleire månadar sidan å fortelle om stativet mitt og kva eg syns om det. (eg syns det er kjempe fint, tar litt tid å stille inn, men står støtt og stadig).

tenkte eg kunne legge ut ei speleliste: sommar kjensle og jane eyre og iste

og ei fin fin liste eg fann.

Xc3cyq_large

liste: ukjent

.

a little update about the blog. these last few weeks my updating has been irregular and the quality so and so. i’ve had three exams (biology, spanish and international english) and three finals in addition. i have also been to france, been busy at work and have had to make some tough prioritizing. the last two weeks my mac has also been in Bergen getting a little fix, and my access to computers has been my mothers computer. of course i would love to spend my time interviewing photographers and taking loads of pictures and editing them. i just have not had the oppertunity lately, and it is really unfortunate.

however, i have started to interview some photographers again, and i hope to publish some photographer of the day segments during the coming days. until then i hope it will do with a playlist: sommar kjensle og jane eyre og iste and the lovely list above (source unknown).

2 Comments

Filed under Dagens Fotograf, Musikalske eventyr

ein dagleg dose inspirasjon og ei lita speleliste

planen var å ha ein “dagens fotograf” idag, men sida eg endå ventar på svar på intervjuet må eg nesten utsette det ein dag eller to til. dessverre. i staden blir det noko meir inspirasjon frå tumblr. eg må berre seie det at eg er heilt hekta – det er jo så mykje fantastisk der! eg er forresten også mykje betre no, og kan faktisk fare på skulen på mandag (!!!), eg gledar meg, sjølv om det ikkje er skikkeleg skuleveke for mi skyld uansett. irriterande nok. tida gjer narr av meg for tida, det er svært lite kjekt, å bli gjort narr av.

playlist: for all great men and women who made it all possible.

(via overrated)

(via papertissue)

samsantos:  thisbruisedheart

(via orientaltiger)

the plan was to have another “photographer of the day” segment today, but since i am still awaiting reply from the interview i will have to postpone it a day or two. unfortunately. in stead i will feed you some of my tumblr inspiration at the moment. i must say, i am completely hooked on that site – there are so many fantastic things there! also i am feeling much better now and i am actually allowed back in school on monday (!!) i am so excited, even though it is not going to be a proper school week for me anyhow. annoyingly enough. time is making a fool of me recently and it is not fun at all, being made a fool of.

playlist: for all great men and women who made it all possible.

4 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Musikalske eventyr

inspirasjon og sånt

skulen tar opp all tida mi for tida, eg har to eksamenar om litt over ein månad og arbeidet hopar seg opp på der igjen. men he skal de få litt tumblr inspirasjon og ei lita speleliste, å henge ut vindauget og smugrøyke. ikkje det at å røyke er kult, men det er noko poetisk og kunstnarisk over smugrøyking og røyking på film, i bøker, i musikk og på bileter. det må de då vere einige i?

likeneelyohara:  vild:  (via kjaerlighet)

(via kaitygolightly)

(via foralskelse)

eg har forresten fått meg tumblr og endeleg forstått litt korleis det fungerar, så om de ynskjer å sjå tumblr sida mi, klikk her. også dersom de har tumblr sjølv blir eg glad dersom de legg att linken i kommentaren slik at eg kan snoke littegranne!

..

i have so much schoolwork to do i hardly have time for anything else. however i do have time to show you some of my inspiration and to share a playlist with you, å henge ut vindauget og smugrøyke. and also i have now gotten and understood tumblr, my site is here, and i would be so happy if you left your own tumblr url in the comments section so i can go snoop around!

6 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Musikalske eventyr

“do you like it when you hear something before you see it?”

Eg driv og les boka “extremely loud and incredibly close” av jonathan safran foer for, eg trur, hundrede gong no. den er jo berre så utruleg fin og sår og nydeleg. den perfekte vinterferie boka. med ein kopp herleg svart kaffi og med denne spelelista her (“do you like it when you can hear something before you see it?”) på svakt i bakgrunnen, då kan ein verkeleg slappe av! og eg lovar, neste speleliste eg legg ut skal vere litt meir slik meg-i-kvardagen. altså litt meir heavy, faktisk mykje meir heavy, men av og til er det ganske deilig med slike rare indie, 60-tals inspirerte låtar også. det må eg berre seie altså.

I am currently re-reading the book “extremely loud and incredibly close” by Jonathan Safran Foer for the 100th time. it is just so incredibly beautiful and fragile and adorable. the perfect winter holiday book. combining that with a cup of pretty black coffee and this playlist (“do you like it when you can hear something before you see it?”) silently playing in the background. that causes for relaxation. and i promise the next playlist i share will be a little more my-everyday-self kind of playlist, which means heavier, much heavier, it is just that sometimes it is just so nice to listen cooky indie, 60’s inspired songs.

14 Comments

Filed under Bøker, litteratur, Foto og slikt fint, Musikalske eventyr

Bloggen er renovert og eg er meir enn klar for at innhaldet, lik lay-outen, skal bli forbetra. Før eg får spørsmål om headeren må eg vel nesten pressisere at eg har gjort noko svært uloveleg og stelt biletet frå Weheartit, inntil eg får teke eit bilete sjølv som representerer bloggen. Kjelda til headeren finn du her.

Nytt namn på domenet også (om det kan kallast eit domene då), Photographs and Imaginary Pixies. mest fordi eg vil bloggen skal handle meir om fotografi og mindre meg, men også fordi i boka Jane Eyre (skriven av Charlotte Brontë), kalla mr Rochester Jane for “my little pixie”, og det høyres berre heilt nydeleg ut. det er min allusjon til litteraturen som blir framstilt i bloggen. No skal eg spurte opp i kantina, sitter forøvrig på lesesalen på biblioteket og skal etter rett gjere SOS innlevering, kjøpe meg kaffi og noko lunsj, også er planen å få tatt noko bileter idag. Kvardagen er som sagt hektisk, men eg likar det faktisk litt.

I have now spent an eternity renovating my blog, as you might have noticed, and I am now more than ready that the substance of this blog, as the lay-out, will be better and improved. Before i get any questions about the header, i must admit that i have illegally borrowed this picture and cropped it for my own satisfaction from weheartit. It is only temporary until i have a photograph by myself which is representative enough of the blog. The source to the header picture you will find here.

The domain (if i can call it a domain) has also gotten a new name, Photographs and Imaginary Pixies. I changed it mostly because I want the blog to be more of a Photoblog and less of a me-blog. Also the Pixie part is a con-deluded way to show that it is also about literature. I will not be surprised if I am the only one to see the connection (at least in the beginning), but if you have read Jane Eyre by Charlotte Brontë, you might get it. In the book mr. Rochester calls Jane for “my little pixie”, and I find that completely and utterly beautiful, and therefor i chose said name. Now, after writing this very pointless post, i will run up to the school cafeteria and buy myself a cup of coffee and some lunch. my goal for today is to also take some pictures, it is a hectic week, but i sort of like it.

4 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting, Musikalske eventyr