Category Archives: Skriverier og tekstar og slikt.

grublerier og tankefulle ting… som oftest skrivet midt på natta…

tidleg morgon, gryande dag



klokka er o7.01 og mobilen min ringer for å vekke meg. det byrjar stille, med små dur og dunk som seier dam dum dam, og så byrjar ei dame å synge it’s morning! og slik held det på to tre gongar før det tar verkeleg av. har eg ikkje vakna av dam dum dam-en til då, er det fullt fyrverkeri med babapabapabapabapa it’s morning, bapabapbapabapaba it’s morning, bapabapabpabapa beautiful day, bapabpa it’s a beautiful day! det er kanskje verdas mest irriterande vekkjerklokke, og når den ringer har eg mest lyst til å kaste den hardt i veggen, slik at den aldri spelar desse grusome, småsure notane igjen.

men eg kan ikkje. eg kan ikkje øydelegge nok ein mobiltelefon (det er eit under at denne har overlevd sidan jul, til og med etter vassbadet den hadde i mars), og dessutan er dette den einaste vekkerklokka eg greier å ta seriøst. ikkje fordi den seier at det er morgon, det forstår ein jo ganske så fort av lyset utanfor eller det faktum at no ringer mobilen. men på grunn av den truande undertonen i stemma til sangerinna. ho syng ikkje berre it’s morning, det er ikkje berre it’s a beautiful day, nei, det er no er det morgon og du må sjå til å dra deg ut av senga. og dersom du ikkje gjer det, så skal eg plage deg til vannvidd med mine elektronisk-skapte beat og manipulerte stemme. det er vakn opp, eller kjenn min vrede. så då gjer eg jo det.

eg skrur på lyset, sett på p3 morgon og gjer meg klar til å velte ut av senga med eit gedigent dunk. men ikkje heilt endå. først må eg ligge i to minutt og berre kjenne litt på at det er ein ny dag og at eg har tidlegvakt akkurat denne nye dagen. så ringer mobilen igjen, noko som forårsakar eit par ikkje så vakre ord frå min ellers så vakre munn (eller, ja..). det er ikkje vekkerklokka, men mamma, som står nede på kjøkkenet og berre lurte på om eg hadde greid å vakne av meg sjølv. eit sukk, eit gjesp og eit småirritert ja seinare, og eg er på føtene. litt lik bambi på isen, men ikkje heilt.

eg opnar balkongdøra på rommet for å få litt frisk luft, det regnar. hardt og jævlig og i motvind. og eg tenker at det kanskje er ein beautiful day ned i der sangen blei spelt inn – men her, i ytre nordfjord, i det som kanskje kan forklarast som sjølve nexisen av nord-vestlandet, toppen om du vil, her er det faen meg ingen beautiful day, og det pleier det heller ikkje å vere. eg er som regel ikkje tilsnakkande før min første kopp kaffi, skjønnar de, og før den kjem på bordet er som regel alt i verda berre svart og vondt og for å plage meg personleg.

men eg får meg kaffi, og eg lagar smoothie og kokar te og laffar rundt i pysjbukse og kosegenser medan eg smakar litt på dagen gjennom eit nyfunne kaffifilter. det er jo tross alt berre litt høstregn… eg bur jo tross alt i ytre nordfjord, det er september og dessutan er regn ganske så fint i grunn. ja… slik er det nok.

så eg steller meg og pakkar sekken, tar med meg nokre stykker av gårsdagens heimelaga pizza som niste og spør veslebror på ti om det er noko eg skal hjelpe han med før eg går. om han har gjort leksene sine? pakka niste? hugsa gymkleda? og så går eg ut. godt polstra i svart regnbukse frå 2007 og ei blårutete boblejakke, som eigentleg er nina si, men som eg har gløymt å levere tilbake. det er på med hjelmen, kickstarte mopeden og så er vi on the road again. det er lyst, eg ser vegen, og, herregud, det smådryp jo berre.

tjue minutt seinare er eg framme på jobb. gjennomvåt, kald og med blå lepper. småregnet fann att styrken sin. eg skiftar genser og kokar kaffi, gjer klart alt eg treng for vakta og går gjennom den nye turnusen min. den er hard, men det skal gå. berre eg får tatt sertifikatet, så skal alt gå… eg sukkar og set meg ned i stolen, gjespar litt og tenker at eg snart må byrje å koke meir kaffi. på radioen er hellstrøm på besøk hjå ronny for å sjå kva han har i kjøleskapet, og dessutan er live tilbake på p3 morgon. eg tenker det er fint, finta at ho er tilbake. universet får tilbake litt av balansen sin av det. og dagen i dag, den er jo fin i grunn den óg, regn og forfrosne fingrar til tross. det har jo tross alt sin sjarm det også.

translation:
my morning was, bad, worse, improving for the better. but i think that is how every morning is in general. 

8 Comments

Filed under Kvardagen, Skriverier og tekstar og slikt.

septemberkjærleik ein søndags morgon.














det er september og det regnar. når eg køyrer til nattevaktene mine, er det mørkt, ikkje lyst. og det er kaldt når eg står ute og røyker på kvelden. det er september og eg har lyst til å dra fram alle ullkåpene mine frå skapet. eg vil pakke meg inn i store skjerf og selbuvottar. eg vil tuppere håret lik brigitte bardot og hannah metz. skru av lyset og tenne tusen stearinlys, med denne spelelista i bakgrunnen (pale september ) og lese alle bøkene i bokhylla mi medan eg held rundt varme tekoppar som luktar haust og fenikkel og roser. det er haust og eg vil draume meg vekk.

translation:
it is september and it is raining constantly. when i drive to work at nights, it is no longer light outside, but pitch dark. and i start shivering when i go outside to smoke in the evening. it is september and i want to pull all my wool coats out of the closet. i want hide in big scarfs and selbu-mittens. i want to backcomb my hair like brigitte bardot and hannah metz. turn off the lights and light a thousand candles, listening to this spotify playlist (pale september ) and read all the books in my bookshelves while holding warm tea-cups that smell of autumn and fenikkel and roses. it is autumn and i want to dream myself away.

 

 

11 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Skriverier og tekstar og slikt.

eleganse

du ser meg. mellom kratt og tornar. der eg ligg. utstrakt. død. med blanke auger og matt hud, oppskrapa og knust. du tenkjer at aldri før har eg vore vakrare.

eleganse.

det hjarteskjærande skriket som sit fast i halsen. for det er ikkje på sin plass. heller stille tårer skjult av vassfast maskara og masker av porselen. den hudlause ynden av sorg som ikkje kan sørgast. som dikt ingen skriv, men alle siterar.

translation.
a poem i wrote about death and sorrow, decay and elegance.

4 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Skriverier og tekstar og slikt.

Det beste rådet eg har fått

det er temaet eg skal skrive om til dykk som ein del av bloggutfordringa til Caroline. det beste rådet eg har fått. denne setninga har eg grubla mykje på dei siste dagane. eg har sitte med føta dinglande i vatnet på vatnasete, med sol i auga og barnerop i bakgrunnen. eg har tenkt på det i bilen med blikket vendt uoppmerksomt mot det forandrande landskapet utanfor vindauget medan eg og bestefar kjørte heim igjen på torsdagen. og det er ikkje enkelt å komme på noko svar. gjennom livet har eg fått mange råd, gode som dårlege, og nokre har eg tatt til meg, medan andre har svunnet hen berre sekund etter at dei vart sagt. og det er i mi erfaring ofte desse, dei som har fordufta, som burde vere dei som vart igjen. det er ofte desse eg ville lidd godt av å høyre på – og slik er det vel med dei aller fleste.

vi seier at vi må lære av livet, lære av feila vi har gjort og slik byggje grunnmuren av vår eigen person. men samstundes skal vi lære av andre, sjå deira val og konsekvensar og dra vår eigen konsekvensanalyse frå dei samla erfaringane vi har – våre eigne, så vel som andre sine. vi skal lære av fortida for å kunne utdanne framtida. eg les orda, høyrer dei, smakar på dei og forstår dei. og eg forstår også at desse orda eg nettopp har skrive, er enklare å skrive og forstå, enn å faktisk gjennomføre.

råd, som å lage eit fornuftig budsjett for kvar månad og halde seg til det, er enkle å forstå, men når det kjem til stykket ikkje vidare enkele å halde. faktisk er det eit av mange slike råd, slike feil begått av andre endt i erfaring, som eg har fått gjennom mine nitten år. først når eg fekk min første “jobb” som kioskpersonell på fotballkampar og tjente mellom 150 – 200 kroner per kamp. og igjen då eg som seksten åring flytta på hybel og byrja å verkeleg sette foten inn i dei voksnes liv. det var enkelt, og eg har fått høyre det frå mange – sett opp eit budsjett og følg det, spar på kvitteringane og gå gjennom dei – då veit du kva pengane går til, då veit du kva du har spart og kva du har sløst. eg hørte det, eg hugsa det og gjorde eit halvbevisst notat om å alltid hugse å ta med kvitteringane, og sette opp ein økonomiskplan. men resultatet… resultat var ei lommebok stappfull av bussbilettar og rema 1000 kvitteringar. det var panteflaskejakt halvanna veke før lønning og stipend, berre så eg kunne skrape saman nok til kaffi, nudlar og røyk. det var resultatet. ikkje fordi budsjetta mine var dårlege og urealistiske – langt i frå. det var ikkje anna enn eit resultat av matter over mind, i staden for mind over matter.

det var vil og kan som kjempa mot kvarandre, og som regel vant vil. og slik vart tomflaskejakt ein del av mitt ritual og min rutine. har eg lært noko av det? vel, denne månadane var det første eg gjorde etter lønning og rekningar – å bestille kle, bøker og hårprodukt på internett. angrar eg? nei. for eg har råd til det, eg er i jobb, eg har kapital, det går fint. men det er ikkje til å stikke under ein stol at ein del pengar som enkelt kunne gått rett på sparekonto, i staden for går rett ut i oblivion.

gode råd, uansett kor dyrebare dei er, er, når det kjem til stykket, berre ord og forslag ein kan velje å rette seg etter. eit råd er ikkje som ei lov, det er valfritt. tar du det, så supert, viss ikkje, nei nei. i bunn og grunn er det berre ein sjølv det går utover. mitt val om å bruke delar av min lønning på kle og bøker, er når alt kjem til alt, mitt eige problem i slutten av månaden. det går ikkje utover nokon andre, og slik rettferdigjer eg mitt eige forbruk og mitt eige val om å gå imot betre viten i søken etter augeblikkets gode. og slik skal det jo tross alt vere. det går rett under kategorien fridom, og der skal den forbli.

for tingen er at dersom nokon hadde komt bort til meg, mamma, postmannen, kven faen, og på nokon som helst måte kritisert den dyre oppkravspakken frå hennes og mauritz, eller anntal rekningar med mitt namn på – ville eg ikkje tatt lett på det. eg ville bedt dei om å ryke og reise, om å bry seg om sitt eige forbruk før dei tok til på mitt, for så å trampe min sjølvrettferdige veg derifrå. og det er kanskje nettopp dette som er heile poenget med saken. nettopp dette som er kjernens kompleksitet. grunnen til at dei gode råda ofte flyg oss hus forbi, medan dei dårlege sit igjen. grunnen til at ein uskuldig kommentar om rett tema, kan føre til fornærming og ein fornemmelse av krenking; for kvart gode råd vi får, kvart gode råd vi veit vi burde følge, men som vi mot vår bedre viten vel å sjå vekk frå – vil eit kvart innspel frå kven som helst om saken kjennest som eit urettferdig angrep og kritikk på vårt eige val.

eg veit eg burde moderere mitt økonomiske forbruk for å kunne spare mest mogleg gjennom dette friåret. men så langt har eg ikkje gjort det. akkurat som eg veit at eg burde slutte å røyke, ikkje berre for helsa sin del, men også for dei økonomiske aspekta av saken. men eg gjer det ikkje. og eg er ikkje aleine. alle har eit eller anna i livet dei veit dei burde gjere annleis for å få det best på sikt, men som dei konsekvent og utan ettertanke ikkje gjer. fordi det byr imot det som gjer livet bra der og då.

for tingen er at når det kjem til visse saker, så veit vi at vi ikkje burde gjer det, og likevel presterer vi å gjer nettopp det. kvifor? fordi det gir spenning, det gir adrenalin – liverfaring. kanskje burde eg ikkje tatt den siste pilsa den kvelden, eller kyssa den guten eg veit har kødda til så mykje av kjensleregisteret frå før av. kanskje burde eg ikkje sagt ja til å bli med ut kvelden før ei tidlegvakt, eller ete det kakestykket i staden for å ta ein joggetur. det er så mykje vi burde gjort i staden for det vi gjer, men som berre fell vekk når det kjem til stykket fordi vi er trøytte, vi orkar ikkje, vi vil ikkje, vi kan ikkje dy oss. og det er livet. det er difor råd er forslag og ikkje reglar. retningslinjer vi kan velje å følge, eller å sjå vekk frå.

for samstundes som vi gir råd og veileiing i tråd med det vi har lært gjennom eigen og andre si erfaring, seier vi også at ein må følgje hjarte sitt. gjere det som er rett for seg sjølv, og ikkje miste sin eigen identitet i skulle, burde, gjorde, skal gjere. og når det kjem til stykket, når alt nøstar seg saman og ein først treng hjelp og nokon andre sin input – då er det beste rådet, det einaste rådet som burde brennmerkast i panna på alle, å spørre om det. det beste rådet eg nokon sinne har fått i den store samanhengen er ikkje å sette opp budsjett eller lese korleis bli ikkje-røyker. det er ikkje nei, kristina, ikkje snakk med han, du veit det berre endar i tårer! ei heller er det å bruke pinsett i staden for augebrynskniv når ein skal plukke augebryna. det er ikkje å mosjonere regelmessig og ete sunt, eller å alltid hugse å fjerne sminken før ein legg seg. det beste rådet eg nokon sinne har fått, og som kanskje er vansklegast å følge, og samstundes vansklegast å hugse, er å tørre å spør om hjelp.

5 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt., Viktige ting

Thistle & weeds


når alt er svunne
og eg er borte
og hjartet snakkar
med hovudet
då finn du meg
i vinden
og blant tornekratt
mellom skyer
og i vassdråpar
som dryp
frå nyvaska sengekle
som tørkar i sola

translation:
a poem i wrote. accompanied with a picture i took last october.

13 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Skriverier og tekstar og slikt.

02.16

eg høyrer på mumford & sons og lurer på å legge meg og lese ferdig the picture of dorian gray. eller å sette meg ut på verandaen og skrive tekstar eg aldri kan lese høgt til nokon, berre fordi dei er skrivne midt på natta.

kva gjer du akkurat no?

translation:
i am listening to mumford & sons, trying to decide if i should go to bed and finnish reading the picture of dorian gray. or if i should go out on my balcony and write stories i will never be able to show anyone, since it is written in the middle of the night.

what are you doing right now?

9 Comments

Filed under Kvardagen, Skriverier og tekstar og slikt.

you will never know i was here

eigentleg har eg inga skrivesperre. det er berre det at, når eg sit meg ned ved mamma sin pc og skal skrive noko her, så får eg ikkje til å formulere meg. eller det eg ønsker å sei. og eg er nok ikkje den einaste.

eg skal ikkje skrive noko meir om fredag. eller laurdag eller søndag eller måndag. eg trur rosene og fakkelane har sagt sitt. dei seier det så mykje bedre og meir presist enn eg nokon gong kjem til å kunne seie det. så dei får snakke for meg når det kjem til desse dagane ingen av oss nokon gong kjem til å gløyme.

sjølv rømde eg frå alt saman i går. til barmen, der eg satt i grillhytta, med utsikt rett i havet, og drakk raudvin, røykte alt for mange marlboro raud og snakka om alt, døden, livet, kjærleiken, venskap, med ei av dei eldste og beste venninnene eg har. slikt hjelper. slike mennesker hjelper. og vi seier det ikkje ofte nok til dei. i morgon rømmer eg litt igjen. på roadtrip til bergen med same venninna. til eplehuset og herifrå. berre tanken på å reise vekk, å sitte i bilen og sjå flatraket, måløy, eid, bli eitt med horisonten i sidespeilet, er meir fortryllande enn nokon anna tanke. ‘

eg håper de fine, fine, menneske som les denne bloggen har det fint. at de har hatt nokon å klemme, nokon å snakke med, nokon å drikke raudvin med. at de har folk rundt dykk som kjenner dykk bedre enn det kjenner dykk sjølve. det er så viktig. så utruleg viktig.

tell me now what’s the difference, between a shark and the ghost of a shark. cause all i have is secrets and memories of the dark. oh rip away the skin, burn my heart.

translation:
i am still very much paralyzed by the fact of friday’s terrorist attack. but i won’t write any more of it, not now at least. my words aren’t enough. they can never say as much as the millions of roses and torches all over the country, honouring the fallen, the lost and the wounded. yesterday i ran away from it all, to the island where one of my best and oldest friends grew up, and we drank red wine and i smoked too many marlboro reds and we spoke about life and death and love and friendship. tomorrow we are going on a roadtrip to bergen. i think it will be really good to get away from this place a little. i hope you all are well!

6 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt.