Category Archives: Viktige ting

litt om kvifor ting har vore tråkigt dei siste vekene



eg har fått ein del spørsmål om kva som eigentleg har vore problemet med macen, så eg berre svarar alle her. dagen etter eg kom heim frå rhodos i byrjinga av juli, kræsja, til mi store fortviling, macen foran auga på meg. at eg hadde bryllupsbilder på harddisken eg ikkje hadde fått flytta til den eksterne harddisken min, gjorde ikkje ting spesielt bedre, og i fleire dagar prøvde eg å finne gjer-det-sjølv oppskrifter til korleis eg kunne redde macen. eller i allefall få skrudd den på og redda bilda før eg kunne innsjå katastrofa. men det gikk ikkje. påknappen var øydelagd, og då er det fint lite ein kan få til åleine. så eg ringte onkelen min, som var brudgommen i bryllaupsbilda, og hadde den verste telefonsamtala eg nokon sinne har hatt i mitt liv. to dagar etterpå reiste eg til bergen og leverte maskina til eplehuset der – med streng beskjed at dei MÅTTE ta backup – koste kva det koste vil, og om det vart for dyrt å reparere, så måtte dei ringe meg først, så eg fekk bestemme dette sjølv. noko dei sa var ikkje noko problem, og dette skulle ta ei vekes tid, og så skulle eg nok få macen tilbake.

over to veker gikk, og så fekk eg melding frå eplehuset om at maskina var ferdig på service, og no var det berre å komme å hente den. eg ringte dei, spurte om alt var i orden og ba dei om å sende den i posten, sidan eg bur såpass langt unna at eg ikkje får reist å henta den sjølv. dette var også heilt i orden, dei skulle sende den fortløpande.

ei veke gikk, ingenting. eg ringte, nei den var på veg, alt var fint. eg venta. ingenting. så, søndagskveld i førre veke, fekk eg ei melding frå farmor, om at det var komt ein hentelapp til meg hjå ho. måndagsmorgon ringte eg eplehuset, og spurde, igjen, om maskina mi var sendt. denne gongen kunne dei ikkje svare på spørsmålet, dei fann ikkje maskina, men ho var ikkje registrert sendt heller. eg spurde dei kva adresse dei hadde sendt den til, og dei svara den gamle hybeladressa mi på eid. men det er jo eit kvarter frå der farmor bur – og eg har aldri heller hatt adresse hjå farmor mi. eg sa ingenting om dette før eg fekk pakken og fekk sjå kva adresse den var sendt til. dagen etter fekk eg pakken og såg at den var adressert til den gamle hybelen, som betyr at det var posten som hadde rota.

når eg endeleg kom heim med maskina var eg så nervøs at eg rista. i fleire veker hadde eg gått og venta på dette, og presset, stresset knytt til at alt måtte vere bra – ikkje minst med tanke på bryllaupsbilda, var, er og har vore ganske intenst. det er på inga måte ein optimal situasjon eller slik eg ønsker at mitt arbeid blir berykta. at det er onkelen min sitt bryllaup gjorde/gjer det heile endå verre. til slutt pakka eg opp maskina, satt den på lading, tok ein røyk, gikk inn og skrudde den på. det var berre det at den skrudde seg ikkje på, og då vart alt svart.

aldri før har eg vore så sint, skuffa, irritert, desperat eller frå meg, som akkurat då. eg visste ikkje mi arme råd, her får eg beskjed om at den er ordna og sendt, fleire gongar, og så presterer dei å sende den til feil adresse, noko posten gjer endå betre med å levere den pakken min til feil feil adresse, og når eg først får den, er ingenting gjort? eg ringte eplehuset bergen, og spurte kvifor ingenting var gjort, og dei svarte at skadane var såpass omfattande at det var billegare å kjøpe ny. eg spurte kvifor dei ikkje hadde sagt noko av dette alle dei andre gongane eg hadde ringt og masa, ringt å spurt korleis det gikk, i det heile tatt kvifor dei hadde ført meg bak lyset om korleis det faktisk låg an med maskina. dei hadde ikkje noko konkret svar på dette. då eg spurte kva som skjedde med backupen eg hadde bestilt, for eg hadde bestilt backup og på kvitteringa eg hadde fått stod det at det var ønska backup. nei dette hadde dei glømt. då la eg på. og så ringte eg kristin og janne i tårer og gikk ein lang tur, der eg trudde bakken skulle forsvinne under føta på meg kvar gong eg skulle til å sette eine foten ned.

men slaget kunne vel ikkje vere heilt tapt endå? på lista over ting som var øydelagt, sto det ingenting om harddisken. så eg tok fleire djupe andedrag og sa til meg sjølv ‘det er ikkje over endå, det er ikkje over endå’ og fram til laurdag var dette mantraet mitt.

fredagsmorgon veka som var, reiste eg jo til oslo. eg kom ikkje fram før eplehuset var stengt på fredagen, men på laurdagen troppa eg opp, men flott moralsk støtte frå anette. og etter ei god stund med venting var det min tur i servicekøen. eg viste fram macen, eg viste kvitteringa mi, eg forklarte heile situasjonen og spurte, som eg aldri har spurt nokon før, om dei kunne hjelpe meg?

det kunne dei.

truls, som servicemannen eg snakka med, han redda livet mitt. han fortalte meg det, at sjølv om det kanskje er for dyrt å reparere maskina, kostar det meg 349 kroner og kjøpe eit etui til harddisken min, som eg enkelt kan fjerne frå maskina, og slik omgjere harddisken til ein ekstern harddisk. så då kjøpte eg ein slik, fekk instruksjonar til korleis eg skulle gå fram, og så kjøpte eg ein ny mac. som eg no skriv frå. og når eg fekk den gigantiske posen med varer i hendene, såg eg truls i auga og sa til han ‘du har redda livet mitt i dag’.

eg er tjue kilo lettare, eg har ikkje vondt i magen lenger, eg er ikkje like trøytt eller sliten. så klart er eg irritert og skuffa over alt surret eplehuset bergen satt meg gjennom. riktig irritert og skuffa. men kva godt gjer det? eg kan sende ei klage og feilen(ane) kan bli registrert, kanskje nokon får ein liten ørefik, men det hjelper ikkje meg. det gir meg ikkje tida som vart kasta vekk tilbake. gjort er gjort, slik er det berre. at eg var eit offer av ein hektisk sommarsesong, tvilar eg ikkje på. at eg syns det bortforklarar saken, på ingen måte. sakens kjerne er berre den at eg har ikkje meir energi å bruke på dei. det er tomt. oppslukt av press, stress og skuldkjensle overfor ting eg eigentleg ikkje har hatt noko kontroll over, men føler eg burde hatt. eg blir sliten og nervøs av tanken på dei siste vekene. difor slår eg ein strek mellom alt som har vore fram til no, og alt som eg skal og må gjere framover. eg orkar ikkje å henge meg opp i feil som er oppretta. uansett om det var eg som måtte opprette dei sjølv, det er ikkje verdt det.

translation: 
the very long and sad and frustrating story of what happened to my macbook and why it has taken so long for the situation to be sorted out and why i have been so sad and depressed and stressed about it these last weeks. photos linked to source.

Advertisements

2 Comments

Filed under Viktige ting

den tjuefyrste august totusenogein

vart eg storesyster til denne vakre, fantastiske og eineståande jenta. engelen min. gratulere med dagen skjønnaste elise, prinsessa mi!

translation:

today is my little sister, elise’s tenth birthday! she is the most beautiful, wonderful, good girl in the world and i love her to bits! happy birthday!

7 Comments

Filed under Festligheiter og feirerier, Foto og slikt fint, Viktige ting

Det beste rådet eg har fått

det er temaet eg skal skrive om til dykk som ein del av bloggutfordringa til Caroline. det beste rådet eg har fått. denne setninga har eg grubla mykje på dei siste dagane. eg har sitte med føta dinglande i vatnet på vatnasete, med sol i auga og barnerop i bakgrunnen. eg har tenkt på det i bilen med blikket vendt uoppmerksomt mot det forandrande landskapet utanfor vindauget medan eg og bestefar kjørte heim igjen på torsdagen. og det er ikkje enkelt å komme på noko svar. gjennom livet har eg fått mange råd, gode som dårlege, og nokre har eg tatt til meg, medan andre har svunnet hen berre sekund etter at dei vart sagt. og det er i mi erfaring ofte desse, dei som har fordufta, som burde vere dei som vart igjen. det er ofte desse eg ville lidd godt av å høyre på – og slik er det vel med dei aller fleste.

vi seier at vi må lære av livet, lære av feila vi har gjort og slik byggje grunnmuren av vår eigen person. men samstundes skal vi lære av andre, sjå deira val og konsekvensar og dra vår eigen konsekvensanalyse frå dei samla erfaringane vi har – våre eigne, så vel som andre sine. vi skal lære av fortida for å kunne utdanne framtida. eg les orda, høyrer dei, smakar på dei og forstår dei. og eg forstår også at desse orda eg nettopp har skrive, er enklare å skrive og forstå, enn å faktisk gjennomføre.

råd, som å lage eit fornuftig budsjett for kvar månad og halde seg til det, er enkle å forstå, men når det kjem til stykket ikkje vidare enkele å halde. faktisk er det eit av mange slike råd, slike feil begått av andre endt i erfaring, som eg har fått gjennom mine nitten år. først når eg fekk min første “jobb” som kioskpersonell på fotballkampar og tjente mellom 150 – 200 kroner per kamp. og igjen då eg som seksten åring flytta på hybel og byrja å verkeleg sette foten inn i dei voksnes liv. det var enkelt, og eg har fått høyre det frå mange – sett opp eit budsjett og følg det, spar på kvitteringane og gå gjennom dei – då veit du kva pengane går til, då veit du kva du har spart og kva du har sløst. eg hørte det, eg hugsa det og gjorde eit halvbevisst notat om å alltid hugse å ta med kvitteringane, og sette opp ein økonomiskplan. men resultatet… resultat var ei lommebok stappfull av bussbilettar og rema 1000 kvitteringar. det var panteflaskejakt halvanna veke før lønning og stipend, berre så eg kunne skrape saman nok til kaffi, nudlar og røyk. det var resultatet. ikkje fordi budsjetta mine var dårlege og urealistiske – langt i frå. det var ikkje anna enn eit resultat av matter over mind, i staden for mind over matter.

det var vil og kan som kjempa mot kvarandre, og som regel vant vil. og slik vart tomflaskejakt ein del av mitt ritual og min rutine. har eg lært noko av det? vel, denne månadane var det første eg gjorde etter lønning og rekningar – å bestille kle, bøker og hårprodukt på internett. angrar eg? nei. for eg har råd til det, eg er i jobb, eg har kapital, det går fint. men det er ikkje til å stikke under ein stol at ein del pengar som enkelt kunne gått rett på sparekonto, i staden for går rett ut i oblivion.

gode råd, uansett kor dyrebare dei er, er, når det kjem til stykket, berre ord og forslag ein kan velje å rette seg etter. eit råd er ikkje som ei lov, det er valfritt. tar du det, så supert, viss ikkje, nei nei. i bunn og grunn er det berre ein sjølv det går utover. mitt val om å bruke delar av min lønning på kle og bøker, er når alt kjem til alt, mitt eige problem i slutten av månaden. det går ikkje utover nokon andre, og slik rettferdigjer eg mitt eige forbruk og mitt eige val om å gå imot betre viten i søken etter augeblikkets gode. og slik skal det jo tross alt vere. det går rett under kategorien fridom, og der skal den forbli.

for tingen er at dersom nokon hadde komt bort til meg, mamma, postmannen, kven faen, og på nokon som helst måte kritisert den dyre oppkravspakken frå hennes og mauritz, eller anntal rekningar med mitt namn på – ville eg ikkje tatt lett på det. eg ville bedt dei om å ryke og reise, om å bry seg om sitt eige forbruk før dei tok til på mitt, for så å trampe min sjølvrettferdige veg derifrå. og det er kanskje nettopp dette som er heile poenget med saken. nettopp dette som er kjernens kompleksitet. grunnen til at dei gode råda ofte flyg oss hus forbi, medan dei dårlege sit igjen. grunnen til at ein uskuldig kommentar om rett tema, kan føre til fornærming og ein fornemmelse av krenking; for kvart gode råd vi får, kvart gode råd vi veit vi burde følge, men som vi mot vår bedre viten vel å sjå vekk frå – vil eit kvart innspel frå kven som helst om saken kjennest som eit urettferdig angrep og kritikk på vårt eige val.

eg veit eg burde moderere mitt økonomiske forbruk for å kunne spare mest mogleg gjennom dette friåret. men så langt har eg ikkje gjort det. akkurat som eg veit at eg burde slutte å røyke, ikkje berre for helsa sin del, men også for dei økonomiske aspekta av saken. men eg gjer det ikkje. og eg er ikkje aleine. alle har eit eller anna i livet dei veit dei burde gjere annleis for å få det best på sikt, men som dei konsekvent og utan ettertanke ikkje gjer. fordi det byr imot det som gjer livet bra der og då.

for tingen er at når det kjem til visse saker, så veit vi at vi ikkje burde gjer det, og likevel presterer vi å gjer nettopp det. kvifor? fordi det gir spenning, det gir adrenalin – liverfaring. kanskje burde eg ikkje tatt den siste pilsa den kvelden, eller kyssa den guten eg veit har kødda til så mykje av kjensleregisteret frå før av. kanskje burde eg ikkje sagt ja til å bli med ut kvelden før ei tidlegvakt, eller ete det kakestykket i staden for å ta ein joggetur. det er så mykje vi burde gjort i staden for det vi gjer, men som berre fell vekk når det kjem til stykket fordi vi er trøytte, vi orkar ikkje, vi vil ikkje, vi kan ikkje dy oss. og det er livet. det er difor råd er forslag og ikkje reglar. retningslinjer vi kan velje å følge, eller å sjå vekk frå.

for samstundes som vi gir råd og veileiing i tråd med det vi har lært gjennom eigen og andre si erfaring, seier vi også at ein må følgje hjarte sitt. gjere det som er rett for seg sjølv, og ikkje miste sin eigen identitet i skulle, burde, gjorde, skal gjere. og når det kjem til stykket, når alt nøstar seg saman og ein først treng hjelp og nokon andre sin input – då er det beste rådet, det einaste rådet som burde brennmerkast i panna på alle, å spørre om det. det beste rådet eg nokon sinne har fått i den store samanhengen er ikkje å sette opp budsjett eller lese korleis bli ikkje-røyker. det er ikkje nei, kristina, ikkje snakk med han, du veit det berre endar i tårer! ei heller er det å bruke pinsett i staden for augebrynskniv når ein skal plukke augebryna. det er ikkje å mosjonere regelmessig og ete sunt, eller å alltid hugse å fjerne sminken før ein legg seg. det beste rådet eg nokon sinne har fått, og som kanskje er vansklegast å følge, og samstundes vansklegast å hugse, er å tørre å spør om hjelp.

5 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt., Viktige ting

når ord blir fattige

victory attained by violence is a tantamount to a defeat, for it’s momentary – mahatma gandhi

 

eit auge for eit auge vil gjere heile verda blind. gandhi sa dette også. han sa òg at ein ikkje må miste håpet på menneskeheiten. for menneskeheiten er som eit hav, og sjølv om nokre få dråpar i havet er skittent, betyr det ikkje at heile havet er det. i slike tider kan det vere vanskeleg å hugse på dette. når vi blir utsatt for slik total urettferd, utan grunn eller meining. med inga anna hensikt enn å skape og spre frykt, kan det kjennest som om heile verda er ein diger, skitten sølepytt, der vi alle berre strevar med å halde hovudet over vatn i eit desperat forsøk på å få litt rein og frisk luft. slik er det ikkje.

ord blir få og fattige i lyset av slike hendingar. kva skal ein sei, kva ord kan hjelpe i ein slik hjelpelaus situasjon? kva ord kan trøste det utrøstelege ved å miste eit barn, ein bror, ei søster, eit barnebarn, ein ektemake? kva plaster er stort nok til å dekkje det store såret i hjartet av landet vårt? kva gjer vi no, for å stoppe blødningen?

eg går på twitter og hjartet mitt svulmar. all kjærleiken, omtanken, respekten og innsikten er heilt utruleg. det gir håp, sprer lys, meining. vi skal vere stolte. stolte av å bu i eit land med så kompetente leiarar som vi har, som sprer håp og demokrati, i staden for hat og hemn. dette er ei tid for samhald, medkjensle og kjærleik. ei tid for å halde hovudet kaldt og hjartet varmt. som nordahl grieg sa, “skaper vi menneskeverd, skaper vi fred”.

translation:
my heart goes out to the whole nation today. our beautiful norway, wounded. this day will never be forgotten. compassion, love, openness, democracy – this is what should be the priority in the days to come. it doesn’t do well to dwell on vengance. like mahatma gandhi said – an eye for an eye makes the whole world blind. and like nordahl grieg said – if we create humanity (human worth), we create peace. 22.7.11. a date that will stay with us forever.

6 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt., Viktige ting

hausten, framtida og ting eg har tenkt ekstra mykje på den siste tida

livet er ikkje alltid slik ein hadde forventa. noko ein lærer med jamne mellomrom gjennom livet, og helst når ein byrjar å tru at ein har kontrollen. har du planen klar – så ver klar for at den kjem til å endre seg. slikt gløymer i alle fall eg ofte. og eg blir overumpla av endringane eg på inga måte har vore med å godkjent, men som berre blir slik, for det er berre slik livet er. først blir eg sint, så skuffa og så lei meg. og det skjer som regel i relativ hyppig hastighet. dei fem sorg stadiene kan eg gå gjennom på ein dag. nekting. sinne. forhandling. depresjon. forsoning. steg alle må gjennom, anten ein innrømmer det eller ikkje.

med forsoning kjem dragsuget. og som regel tenker eg – ok, men kva no? kvar går eg herifrå? kvar skal eg? kva vil eg? kvifor? eit svart hol av angst og uvisse. og så går eg i ørska. famlar i blinde utan sans eller samling, utan noko haldepunkt og utan å søke etter noko. heilt til det berre seier stopp. og eg veit at eg må legge ein plan. for utan ein plan blir eg berre svevande i mørkret utan meining eller grunn. det er i slike tilfeller det er fint å ha ei moleskine bok.

det blir ikkje oslo. ikkje med det første. noko som kom ganske brått og plutseleg. eg fekk jo skuleplass allereie i vår, både hjå bilder nordic og hjå westerdals, men eg sa nei til begge. ikkje fordi eg ikkje ville gå der, for dei som kjenner meg veit at det er ingenting i denne verda eg vil meir, enn å gå på ein av desse skulane. det går meir på at eg ikkje kunne. det går meir på det økonomiske. for sjølv om ein får si kvotering frå lånekassen, blir det ikkje nok – og uansett kor mykje eg ganga, delte, adderte eller subtraherte – så strakk det ikkje til. eg sa nei allereie i juni.

det er noko heilt eige og spesielt ved å ha alt du nokon sinne har drømt om så utruleg innan rekkevidde, å stå, med ein fot inne, for så å måtte stå på utsida å sjå døra latast att. ting endrar seg, raskare enn ein skulle trudd. eg vurderte å studere på uio, eg har jo søkt, men tanken slår lufta or meg. så eg bestemte meg for å jobbe og byrja søke. men er du ikkje fast buande frå før, eller tilflyttande svenske – så skal du vente lenge på å få jobb, uansett kor god søknad du har. det er heller ikkje berre berre å flytte til oslo utan jobb eller studie. og slik vart oslo utsatt. kor lenge er vanskeleg å sei, men ei stund.

vegen vidare, kva er den? her heime har eg bustad, fast jobb og nettverk. og det skremmer meg meir enn tanken på ei frp-styrt regjering. friår – skal du reise jorda rundt, ja då er det meir enn akseptert. skal du jobbe og spare pengar, då byrjar det ofte å rynke litt i augebryna til folk. eit år, to år, tre år – når er friåret eigentleg omme?

så eg planlegg. moleskinboka er ikkje lenger full av desorienterte skribleriar, men refleksjonar, planar, ambisjonar. nesten blanke sider der det kun står skrive; herregud, dette skal jo gå bra, det må jo det. sant? no kan eg legge av pengar, eg kan forbedre fag, reise, frilanse, ta lappen, kjøpe ny mac (som sårt trengs), nytt kamera (som også sårt trengs). om det skulle vore èi tid i livet der eg tar ting piano, bur heime og jobbar som ufaglært, så må det jo bli no. eg er nitten. eg er ikkje død endå.

så der har du det – ting eg har tenkt ekstra mykje på den siste tida. eg tar eit friår. her heime, på det forblåste, kalde, våte, vesle vestlandet. eit år på å bli litt meir voksen på. denne tid neste år skal de sjå eg forberedar meg til å ta akademia med storm. håpar eg. ting endrar seg raskare enn ein skulle trudd.

translation:
i have decided, due to my current economy, to take a year off school and work up some money. since it is close to impossible to get a job in oslo, i have decided to stay at home and work, seeing as i already have a job and housing here. right it all just feels like a huge set back, but i think in time, i will start to look at it as a challeng, a new possibility. life isn`t supposed to be what you expected – and even though i was accepted to both bilder nordic and westerdals, if i can`t afford it, i can`t go, and there really isn`t more to it. so i will save money, so that this time next year i will be able to do exactly what i want to do, and study exactly what i want to. in the mean time, i will keep you posted. i`m nineteen. i`m not dead yet. if there was ever going to be a time in my life where i put everything on hold, it has got to be now, right?

12 Comments

Filed under Viktige ting

i dag

i dag er det kvinnedagen. og det betyr ikkje at vi skal brenne bh-ar og la håret under armane gro. det betyr ikkje at vi skal gjere noko anna enn å vere oss, og forvente den same respekten og godkjenninga, som menn får. det er alt. vi skal ete stratos og gå med lebestift og høge hælar, gå i blomete kjolar og lese motorblad om det er det ein vil. vi snakkar ikkje kastrering av fulle jævlar på på byn, eller steining av menn generelt. berre ein hyllest til oss og alt vi kan og er. og difor syns eg alle skal lese desse to (ein og to) tekstane, for dei er så fine og sanne. og viss de vil, kan de høyre på denne spelelista, kvinnedagspelelista.


it’s the international women’s day, and I am celebrating it with chocolate, an extra amount of red lipstick, a floral dress, these two texts (ein og to) and this playlist I am woman, hear me roar!

3 Comments

Filed under Viktige ting

2010 i fem personar

Eg hermar etter Mariell (Hjartesmil), men det var ein så fin måte å oppsummere året på, at eg kunne ikkje dy meg.

Sissel. Snille, vakre, søte Sissel. Vi har kjent kvarandre sidan fyrste klasse på vidaregåande, men det var ikkje før i år, då ho budde og studerte i Førde, at vi verkeleg vart venner. Vi har ledd saman, grått saman, gått oss vill i Praha saman, snakka mykje om gutar og kjærleik og forelsking, også har vi drukke oss fulle saman. På avsluttingsfesten (Grisefesten) før jul, skreiv Sissel tale til meg. Den skreiv ho på ein serviett, men turte ikkje lese den høgt, så ho berre ga meg servietten. Det er det finaste nokon har nokon sinne gjort for meg, og vi sto på scena på nachspielet, medan folk dansa kring oss, og klemte og gråt litt for vi er så glade i kvarandre, og kan ikkje tenke oss ei verd der vi ikkje er vener. Vi skal til Rhodos i sommar, og vi veit begge to at vi skal vere vener til vi er femognitt år gamle og sit i rullestol på eldresenteret på Eid og mimrar demente til kvarandre om den gongen vi gikk fulle ned over gata i Praha, berre vi to, og sang min første kjærlighet så høgt vi berre klarte.

Janne. Blidare, finare, snillar, meir omtenksom jente trur eg ikkje det fins her i verda. Janne er jenta som aldri mistar motet, ho som trøstar deg når du er lei deg og avsluttar med, nei du Kølla, det er rart med det altso. Vi snakkar om alt, om gutar, kjærleik, sex, kaffi, arbeid, livet, økonomi, mote, teite folk, fine folk, morosame ting og triste ting. Vi covra det lett. Humor, kaffi og ein god dose sjølvironi er viktige nøkkelord i våre samtalar. Eg og Janne vart kjendt i 2008, då vi byrja i same klasse, og sidan då har det gått i eitt. Då ho slutta på skulen i haust visste eg ikkje kvar eg skulle gjere av meg, eller kva eg skulle gjere, eg kjende meg litt forlatt – men det gikk likevel, vi snakka like mykje, drakk like mykje kaffi og skulen, vel, den gikk ingen plass.

Veronika. Eg vart kjent med denne vakre skapningen i vår, då eg tusla ned på Peppinos og spurte om ho kunne klippe meg. Veronika er frisørlærling skjønnar du, og den beste frisøren ein kan finne. Eigentleg er det ganske rart at vi ikkje vart kjent før i år, for Veronika er bestevenn med både Janne og Sissel. I sommar inviterte ho meg i gebursdagen sin, og eg var kjempesmigra, for vi kjente ikkje kvarandre så godt, og likevel ville ho at eg skulle komme. Etter det har vi drukke litervis av kaffi saman og tømt sjelene våre til kvarandre, nesten i alle fall. Ho er den personen som alltid tenker på andre fyrst, omtenksom, snill og kjempemorosam! Eg er utruleg glad for at eg vart kjent med ho, og det er merkeleg å tenke på at vi berre har kjent kvarandre i eit halvt år. crazy man.

Kristin. Kristina og Kristin. Kristin og Kristina. Bestevenner sidan barneskulen, gjennom familiekriser, personlegekriser, oppturar, nedturar, ungdomsskulen, vidaregåande, kjærestar og alt. Når livet er dritt og ingenting er bra, då ringer eg Kristin, og vise versa. Ingen kan gi ein håplaus situasjon perspektiv, som Kristin. Ringenes Herre, Underworld, Nesjar og Vågaprins. Vi er liksom familie, fjernadoptert familie. Slik er det berre.

Tiril. Superhelten min, som er superhelt på den andre sida av jordkloda. Vi flytta begge til Flatraket same året, og har vore samansveisa sidan den tid. I vår har vi ti års jubileum og det er ganske fint, for då kjem ho heim igjen frå USA, og då er ho atten år og vi kan feire det på skikkeleg. Vi har funne på så mykje rart gjennom åra, alt frå ein ekstrem WITCH fasinasjon til 24 timers Charmed og Supernatural maraton. Vi skypar kvar veke, så og sei, og då er det nett som om vi er same rom og USA berre er ein liten plass i Noreg.

Off, eg føler eg burde nevne så mange fleire, det er så mange fine folk de berre er nødt til å møte. Nina, Lene, Frank, Viviann, Elise, Andrea, Sofie, Yngvild… men det får vere til ein annan gong. Til no vil eg berre sei God jul til alle saman, håper de fekk alt de ønskte dykk og at de kosa dykk gløgg ihjel (men ikkje slik heilt ihjel).

Har de nokre venner som var med på å gjere 2010 til eit supert år, eller i alle fall eit mykje betre år enn det hadde vore utan dei? Fortell meg om dei, eg er nysgjerrig. Vener er det viktigaste i heile verda.

2 Comments

Filed under Viktige ting