the end of a love-story


det er no to år og ein dag sidan eg oppretta denne bloggen. to år og ein dag sidan eg sat i bergen, med gamle macen min, som då var ganske så ny, og klikka meg inn på wordpress. 732 dagar, 2097 kommentarar og 430 innlegg og 88 følgerar på bloglovin seinare, sit eg no på jobb og skal annonsere nedlegginga av same blogg. det er noko rart over det heile. noko merkeleg og endeleg. eit punktum i siste setninga av ei bok.

denne bloggen har endra meg på så mange måtar. eg har liksom funne meg sjølv litt med den. her har eg klaga over prøver og særemne, eg har tatt dykk med på opptaksprøver og intervju. de har fått vere med til frankrike, praha, hellas, bergen, oslo, brummundal, haugesund, valdres. heile utviklinga mi som fotograf ligg åpen og klar i sidene på denne bloggen. to år og ein dag. det er ganske mykje det.

det er litt bittersøtt at dette er siste innlegget eg kjem til å skrive her på kristinakvaale.com. kjenslen er litt lik den ein får når ein står i ei tom stove som ein gong var di, og ein veit at dette er den aller siste gongen ein kjem til å vere der. for denne sida har jo vore heimen min her på internett. fuglane veit kor mange gongar eg har sitte med ein kopp te eller kaffi og gått over kommentarar, sett igjennom innlegg, skrive innlegg, endra layout… men livet må gå vidare, og sjølv om dette er det siste blogginnlegget mitt her, er det jo ikkje det siste blogginnlegget mitt i historia. nei, eg skal jo tross alt berre flytte.

eg har kjøpt meg eit domene, eit nytt hus om du vil. og de som følger meg på twitter har anten visst eller ana dette. dei siste fire veken har eg pussa opp og bygd på domenet. gjort det klart til introduksjon og innflyttingsfest. i dag er dagen, og de er alle saman personleg innviterte til innviingsfest hjå;

 imaginarypixies.com.

heile festen blir kickstarta med ein konkurranse der vinnaren kan vinne ein boks pukkate of his/her choice samt ein overraskelse. så kom, kom! ta med dykk smil og kreativitet og bli med på å gjere imaginarypixies.com like bra som det kristinakvaale.wordpress.com har vore!

tusen takk for alle kommentarar, støttande ord, følgarar og alt. de har betydd, og betyr, så uendeleg mykje for meg!

kyss og klem, Kristina

translation:
it is now two years and a day since i started this blog. and now, 731 days, 2097 comments, 430 posts and 88 followers on bloglovin later, i am announcing the end of it. it feels strange, like i am writing the last sentence in a book, knowing there is no more to say. reviewing the blog i feel like i am standing in my empty livingroom before leaving, knowing i will never return. but then i remind myself that i am not going  to stop blogging even though i am retiring this blog. you see, i’ve made a new blog, a new home, and you are all invited to visit whenever you want!

 imaginarypixies.com.

to get the party started i am launching a contest on the new blog, where the winner will get a box of pukka-tea of his or her choice, and also a surprise prize to go with it. so bring your smiles and creativity and come help me make imaginarypixies.com just as good as kristinakvaale.wordpress.com has been. thank you so much for all of your comments, supportive words, followers and everything. you have meant, and mean, som incredibly much to me!

lots of love and kisses, Kristina! 

6 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere

når heile livet ditt kan oppsumerast på seks månedar

dette er firmenningen min, lily caroline, og i dag er ho seks månedar. tenk det! heile livet hennar har utspelt seg det siste halvåret. i helga hadde eg babyfotografering med lily, så, for å feire halvtårsdagen til kanskje typ verdas skjønnaste vesle jente, her er nokre av bilda frå fotograferinga. (det er forresten lov å sukke og fnise litt fordi det er ein så skjønn baby!)







liksom berre sukk. fleire bilder kan de finne på facebook sida mi, her, eller flickr-sida mi, her. håper alle har ein fantastisk fin torsdag!

translation: 
this is my third-cousin, lily caroline, who is six months old today. it is almost strange to think about, her whole life has evolved around these past six months! so to celebrate i thought i’d publish some of the baby pictures i took of her this weekend. to see even more pictures, visit my flickr-page or facebook fanpage

10 Comments

Filed under Foto og slikt fint

tjueni bokstavar.

medan eg driv å svarar på spørsmåla dykk og tar bilder av favorittklea mine og slikt, så kan de få denne fine vesle lista som eg fann hjå ina (som hadde funne den hjå nokon andre).

A. Age: 19
B. Bed size: dobbel. meir enn det er uvisst.
C. Chore that you hate: STØVESUGING! eg berre moppar eg.
D. Dogs: ein pitteliten terrier som heiter sara og som har ein mamma som er english toy terrier og ein pappa som er yorkshire terrier.


 E. Essential start to your day: kaffi og fuktighetskrem.
F. Favorite color: sennepsgul, raud, blå
G. Gold or Silver: sølv eller kvitt gull, men også gull da.
H. Height: 170 cm.
I. Instruments you play: trombone, klarinett, barython og blokkfløyte. ja og trompet, men det er jo same konsept som barython.
J. Job title: bpa (brukarstyrt personleg assistent – også kalla pleieassistent) og frilansfotograf.
K. Kids: keine. nada. none. ingen.
L. Live: i ei lita bygd som heiter flatraket og som har ein joker butikk, eit bibliotek som er ope ein gong annan kvar veke og som husar rundt 450 personar.

M. Mother’s name: Judith
N. Nicknames: Kvåle, K, Tina, Kriss.
O. Overnight hospital stays: tre – då eg vart fødd, då eg tok mandlane som 14 åring og i fjor november sist eg opererte.
P. Pet peeves (små ting som irriterer deg): når folk ikkje høyrer etter. og når dei smattar.
Q. Quote from a movie: “Når jeg dør, ryker en sølvstreng med glatte perler som triller gjennom landet og renner hjem til muslingmødrene på havets bunn. Hvem vil dukke etter mine perler når jeg er borte? Hvem vil vite at de var mine? Hvem kan gjette at hele verden en gang har hengt rundt min hals?” – i et speil, i en gåte.
R. Right or left handed: veldig høgrehendt.
S. Siblings: seks. fem brødre og ei syster.

(her manglar ein)
U. Underwear: blonder, blomar, silke og sateng.
V. Vegetable you hate: asparges.
W. What makes you run late: har stilt alle klokkene mine seks minutt fram i tid slik at eg alltid er tidleg ute. men søvn. søvn gjer meg seint ute.
X. X-Rays you’ve had: då eg var ti og brakk foten etter eg hoppa frå verandaen. og nokre ct-skan og ein mr, men det var pga heilt andre ting.
Y. Yummy food that you make: eg lagar ein mean vegetar pastasaus. og vegetarpizza.
Z. Zoo animal: giraff!
Æ. Ærlighet varer lengst? trur det ja.
Ø. Ønsker for fremtiden: at ting ikkje går til helvete.
Å. Året som har gått (så langt): mykje bra og noko vondt, men med gode venner så gjer det ingenting.

translation:
a list i stole from ina, who stole it from someone else. me according to the alphabet.

11 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting

nokre dagar


når ein har fri, er det fint å starte dagen med te, kaffi, armeridderar og elle uk med verdas finaste kirsten dunst reportasje. 
er det lov å gå rundt i kimono heile dagen og berre la timane og minutta fly forbi.


og helst sjå mange mange episodar av britain and ireland’s next top model, samt fyrste episoden av america’s next top model all stars. som eigentleg er litt teit, men så er det jo teite ting som tekker sjåarar og då.

translation:
on some days off it is allowed to pamper oneself with a big breakfast containing french toast, coffee, tea and elle uk, and to walk around in your kimono all day long while watching britain and ireland’s next top model. and also the new all stars series of america’s next top model. which might not really be that fun, but fun enough. 

6 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Kvardagen

there goes the fear again

 

2 Comments

Filed under Filmatiske vidunder

pittelitt meir brullup og bergen og slikt



så no veit de kva eg har styrt med vedsiden av jobb i staden for å blogge. i morgon får eg fri, så då blir det bergens tur. nokon kjekke og snille som vil møte meg medan eg er der?

translation:
now you know what i’ve been doing after work instead of blogging. tomorrow is my day off, i am going to bergen for a visit. so if you want to meet me while i’m there, shout out!

4 Comments

Filed under Foto og slikt fint

kjærleik











i juni gifta onkelen min, atle-hjørn, seg med den snillaste og finaste dama som fins, nemleg camilla. eg var fotografen deira, og her er nokre av bilda eg tok. dersom du lurer på korleis kjærleik ser ut, så berre sjå på desse to.

foto: privat

translation:
my uncle married in june and i was the photographer. here are a few of the photos i took that day. if you want to know what love looks like, just look at these two. private photo’s.

11 Comments

Filed under Foto og slikt fint