1 år og 22 dagars jubileum og superkonkurranse!

Den fyrste oktober hadde bloggen gebursdag, og distré som eg er hadde eg reint gløymt det av. Så difor tenkte eg at vi skulle ha ein lite gebursdagfeiring for å feire dei 387 dagane denne bloggen har vore oppe. Feire alle dei 46 følgerane mine, dei 281 innlegga og ikkje minst dei 1072 kommentarane de har vore så snille og lagt igjen til meg. De får kvardagen til å bli betre, slik at det er sagt.

I samband med dette historiske jubiléet av Photographs and Imaginary Pixies, vil eg arrangere ein konkurranse. Den heldige vinnaren får ein pakke frå meg med godteri, eingongskamera og anna fint + éin ting til, men eg har ikkje heilt bestemt meg endå for kva det skal vere (forslag?). Er de med? For å vinne er de nøydde til å velje éi av to oppgåver, det blir trekt to vinnerar, ein for kvar oppgåve, lenge leve rettferd!.

Oppgåve 1: Ta eit bilete som beskriv eitt av desse orda;

1. Sårbarhet

2. Morgon

3. Vinter

De står heilt fritt til å tolke oppgåva som de sjølv vil, framlengs, baklengs og sidelengs. Det fins ingen fasittsvar!

Oppgåve 2: Skriv ein tekst som fortel om noko som er umåteleg vakkert. Det kan vere kva som helst, så lenge du syns det er fint. Sjanger spelar ingen rolle og det er ei opa oppgåve.

Fristen er 2.november, for då har bror min bursdag og det verkar som ein fin dag å avslutte på. Bidraga sender de til meg via e-post: kristinaaurore@live.com. Håpar eg får mange svar og at de er positive til dette! Klar, ferdig, GÅ!

Foto: linka til kjelde

17 Comments

Filed under Festligheiter og feirerier, Superkonkurransar og slikt

17 responses to “1 år og 22 dagars jubileum og superkonkurranse!

  1. Ingrid Tjosaas

    Gratz! Eg har blogga i 27 månadar no. Hei, eg heiter Ingrid og eg treng eit liv.

  2. Oi, gøy konkurranse! Hvis jeg greier å ta et bilde jeg blir fornøyd nok med (for ja, det må nok bli fotooppgaven) så skal jeg være meed 😀 Og forsinka gratulerer med bloggbursdagen ^^

  3. eg blir med! og grautulera så mye te bloggen! finfine bloggen! kan ein velga begge oppgavene?

  4. Pingback: Kristinas konkurranse! | Carolines Verden

  5. der va mitt bidrag gjort og sendt, kanskej litt tidligt men eg visste akkurat ka eg vilel bruka 😉

  6. Oppdaget nettopp bloggen din og prøver meg på fotokonkurransen! 🙂 skal prøve å huske å ta bilder og faktisk delta. jippiii. 🙂

  7. herrefred så mye skrivefeil, sånt skjer når ein e gira 😉

  8. Så koselig, Kristina! Gratulerer med bloggbursdag 😀 Jeg skal prøve å komme i en kreativ tankegang, så skal jeg forhåpentligvis komme på noe 🙂

  9. sunslayer

    Oi så spennende, dette må jeg huske å være med på! 🙂

  10. Du har en veldig fin blogg, fant den for bare noen dager siden og liker den allerede svært godt. Og kul konkurranse, jeg blir gjerne med 🙂

  11. Wow, så utrolig søt blogg du har! Nå fikk du deg en ny følger 😉

    Tenker å delta på konkurransen om jeg får pressa noe fint ut av meg!

  12. Pingback: sneek peak: fotoprosjekt « Photographs and Imaginary Pixies

  13. Gratulerer med bloggbursdag! Jeg er med, jeg, men jeg må visst forte meg litt, så ikke denne før nå. Eller, deadline er ikke den verste musen å ha. 🙂

  14. Pingback: Superkonkurranse informasjon! « Photographs and Imaginary Pixies

  15. Jeg vil også være med!:D

  16. Pingback: 2010: oktober, november og desember. « Photographs and Imaginary Pixies

Leave a comment